Hopp til hovedinnhold

Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

4. Grunnleggande ferdigheiter

4.1 Munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i samfunnskunnskap inneber å kunne lytte til, tolke, formulere, fremme og grunngi meiningar, gi respons og diskutere med andre. Å få tak i andres meiningar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål inngår også. Det inneber vidare å ha ferdigheiter til å uttrykke ueinigheit på ein sakleg måte og med respekt for andres oppfatningar, og i tillegg vere bevisst på korleis ulike uttrykksmåtar påverkar bodskap og mottakar.

4.2 Digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter i samfunnskunnskap inneber å ha kjennskap til digital teknologi for å tileigne seg informasjon og kunnskap. Utviklinga av digitale ferdigheiter går frå å tileigne seg kunnskap om Noreg som eit digitalt samfunn til å utvikle digital dømmekraft og bevisstheit om nettbruk ved å reflektere over nokre av moglegheitene og utfordringane ved digital samhandling. Det inneber også å vise evne til etisk refleksjon og vurdering av eiga rolle på nett og i sosiale medium. Digitale ferdigheiter er ein viktig føresetnad for vidare læring og for aktiv deltaking i eit arbeidsliv og samfunn som er i stadig endring.