Hopp til hovedinnhold

For deg som har pågåande småskalapartnarskap tildelt i 2024

Oppstart av nytt prosjekt

Ved oppstarten av prosjektet må de gjere dykk kjende med programmet sine reglar og rammer, i tillegg til verktøy som er nytta gjennom heile prosjektperioden.

Les gjennom kontrakten og vedlegga

Før de startar prosjektet, skal de skrive under ein kontrakt med HK-dir. Les kontrakten og vedlegga nøye. Dokumenta inneheld informasjon om moglegheitene dykkar, kor mykje prosjektmidlar de har til rådvelde og kva reglar som gjeld for dykk.

Grant Agreement er hovudkontrakten som inneheld prosjektspesifikk informasjon, som til dømes tilskotsbeløp, prosjektperiode, rapporteringsperiodar og når utbetalingane skal skje. Den inneheld informasjon om pliktene dykkar som prosjekteigarar, kva reglar som gjeld ved tidleg avslutning av prosjektet, førespurnader om endringar og tillegg til kontrakten, budsjettoverføringar, med meir. Kontrakten blir sendt dykk for digital signering, og trer i kraft når den er signert av begge partar.

Saman med kontrakten sender vi ut tre vedlegg.

  • Annex I: Budsjettet som gjeld for prosjektet dykkarviser korleis det totale tildelte prosjektbudsjettet er fordelt mellom ulike aktivitetar og organisasjonar i partnarskapet.
  • Annex II: Spesifikke reglar inneheld blant anna informasjon om revisjonar eller kontrollar, reglar for rapportering og når det kan bli aktuelt med ein reduksjon av budsjettet.
  • Annex III: Mal for avtale mellom partane – accession form.

Les gjennom sidene i Erasmus+-programguiden som gjeld for dykk

Programrettleiaren (Programme Guide) for Erasmus+ er EU-kommisjonen sitt regelverk for programmet. Denne vert oppdatert årleg. Her finn du blant anna informasjon om programdelen sine prioriteringar og gyldigheitskriterier. I programrettleiaren er det òg vurderingskriterium som våre eksterne ekspertar gjekk ut frå i evalueringa av prosjektsøknaden. Mot slutten av rettleiaren er det òg ei ordliste med forklaring av ord som blir nytta i Erasmus+-samanheng.

Relevante overskrifter i rettleiaren:

  • Del B, informasjon om handlingane
  • Nøkkelhandling 2: Samarbeid mellom organisasjonar og institusjonar
  • Partnarskap for samarbeid
  • Småskalapartnarskap
  • Del C - Informasjon for søkarar
  • Del D - Ordliste over termar

Administrer heile prosjektet i Beneficiary module

Som prosjekteigar administrerer og følgjer du opp prosjektet ved hjelp av verktøyet Beneficiary Module.

Alle prosjekt får tilgang til beneficiary module. Kontaktpersonen for prosjektet får e-post med informasjon om korleis ein loggar inn og byrjar å administrere prosjektet.

I beneficiary module registrerer de aktivitetar, handterer budsjettet og sender inn sluttrapport. Det er viktig at de registrerer aktivitetane i prosjektet kontinuerleg.