Hopp til hovudinnhald

Realkompetansevurdering

Vi arbeider for å fremme bruken av realkompetansevurdering i ulike nivå i opplæring, utdanning og arbeid.

Sist oppdatert : 11. august 2025

Målgruppa for desse nettsidene er fylkeskommunar, kommunar, utdanningsinstitusjonar og andre forvaltningsnivå som har interesse i å lære meir om realkompetansevurdering. Privatpersonar som besøkjer nettsidene om realkompetanse i HK-dir, og har spørsmål, skal rette førespurnader til det forvaltningsnivået som saka gjeld. Utdanning.no gjer informasjon til privatpersonar om realkompetansevurdering (utdanning.no).

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har. Altså den kompetansen personen har tileigna seg gjennom formell læring som skulegang og studiar, ikkje-formell læring som ulike typar kurs eller uformell læring som eksempelvis læring gjennom ulike typar løna eller uløna arbeid, i omsorgsarbeid heime eller i aktivitetar i fritida.

Realkompetansevurdering er dermed prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Realkompetansevurdering kan skje på ulike nivå i utdanningssystemet og ulike lovverk regulerer bruken av realkompetansevurdering på dei ulike nivåa.

Aktørar

  • Kommunane har ansvaret for gjennomføring av førebuande opplæring for vaksne, FOV, der realkompetansevurdering inngår.
  • Fylkeskommunane har ansvaret for gjennomføring av vidaregåande opplæring for vaksne, VOV, der realkompetansevurdering inngår.

Direktoratet for høgare og utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir) har eit delt nasjonalt ansvar for realkompetansevurdering i grunnopplæringa for vaksne (FOV og VOV).

Ansvarsfordelinga er slik:

  • HK-dir har ansvaret for rettleiing, føredragsverksemd, arbeid med kompetanseheving og nettverksarbeid knytt til realkompetansevurdering i grunnopplæringa for vaksne.
  • Udir har ansvaret for regelverk, arbeid med læreplanar, statistikk og nasjonale eksamenar i grunnopplæringa for vaksne.
  • I høgare yrkesfagleg utdanning (fagskular) og i universitets- og høgskulesektoren har den enkelte studiestad ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering.