Nettverk
Her finn du informasjon om nettverk for deg som arbeider med realkompetansevurdering.
Sist oppdatert : 4. desember 2024Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering
Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er eit lærande nettverk på digital plattform (Microsoft Teams). Målgruppa er alle som arbeider med realkompetansevurdering i førebuande opplæring for vaksne (FOV) og vidaregåande opplæring for vaksne (VOV). HK-dir har i dag mest aktivitetar retta mot VOV.
Lyst å bli medlem i nettverket? Vi treng berre e-postadressa di (arbeid) og ei melding om at vil du delta i nettverket.
Send e-post til rkv@hkdir.no.
Nettverkskonferanse for vidaregåande opplæring for vaksne (VOV)
Nasjonal nettverkskonferanse for vidaregåande opplæring for vaksne (VOV), er ein konferanse som vert arrangert av HK-dir, Udir og utvalde fylke. Samarbeidet i fylka går på rundgang.
Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL)
Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL) fremjer livslang læring på tvers av sektorar og på tvers av nordiske grenser.
NVL er ein internasjonal desentralisert nettverksorganisasjon som vart etablert av Nordisk Ministerråd i 2005. NVL arbeider på tvers av dei fem nordiske landene (Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige) og dei tre selvstyreområda i Norden (Åland, Færøyene og Grønland).
HK-dir er representert i Valideringsnettverket og i fleire av dei andre nettverka.
Samarbeidet om realkompetansevurdering
Vi arbeider med eit fleirårig oppdrag som Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt til HK-dir, Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Oppdraget går ut på å utvikle opplærings- og utdanningstjenester for ledige og utsatte grupper på arbeidsmarknaden.
Saman utvikler vi samarbeid mellom fylkeskommunar og NAV-fylke om karriererettleiing, realkompetansevurdering og opplæring til målgruppene.
Måla er betre, meir effektive og samanhengande opplæringstenester for brukarar hos NAV og fylkeskommunen. Betre samarbeid mellom fylkeskommunane og NAV på området realkompetansevurdering er eit av fleire virkemidel for at fleire av NAV sine brukarar skal kunne ha betre mogelegheiter til å fullføre vidaregåande opplæring for vaksne (VOV).
For å nå måla arbeider vi mellom anna med å
- skape oversikt over pågåande samarbeid
- utvikle meir kunnskap om kva som ikkje fungerer og kva som er gode modellar, samarbeidsmåtar og brukarforløp
- utreie korleis utveksling av personopplysningar kan skje trygt og enkelt og i tråd med lovverket
- samla dei regionale aktørane til erfaringssamlingar
- utvikle digitale verktøy for vaksne som skal ta fagopplæring
- informere brukarane og rettleiarane i NAV om HK-dirs tenester om å spre informasjon og kunnskap om realkompetansevurdering
- kompetanseheving for medarbeidarar i fylkeskommunen og NAV