Hopp til hovudinnhald

Eurydice

Eurydice er eit europeisk nettverk av EU-medlemsland, Norge og Island. Nettverket samlar inn og spreier informasjon om utdanning i desse landa.

Sist oppdatert : 2. juli 2024

Kva gjer Eurydice?

Gjennom arbeidet med Eurydice utarbeider Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse rapporter som gjev god innsikt i norsk utdanning på engelsk, og også tilgang til rapportar om utdanning i dei andre landa.

Vi legg informasjon om norsk utdanning inn i generell informasjon om utdanning i Europa. I tillegg deltek vi med informasjon om norske tilhøve innan prioriterte tema.

Nasjonale nyheitssaker kan handle om aktuelle utviklingsdrag i Noreg.

Om programmet

Eurydice sine oppslagsverk på nettet inneheld:

  • Nasjonale beskrivingar av utdanningssystem i 38 Erasmus+ land (på engelsk). Her finns samanliknande og aktuelle beskrivingar av korleis dei europeiske utdanningssystema er oppbygde.
  • Samanliknande rapportar (på engelsk) over spørsmål som ligg høgt oppe på den europeiske agendaen for utdanningsområdet, eller som inneheld nøkkeldata eller fakta og statistikk. Dette kan til dømes vere om digitalisering, språkundervisning, tal undervisningstimar i grunnskulen eller lærarløner.
  • Nyheiter og artiklar om aktuelle emne; (på engelsk)

Spørsmålsforum

Eurydice har også eit spørsmålsforum der dei nasjonale einingane kan legge inn spørsmål og få svar frå andre nasjonale einingar. Vi kan dermed få svar på aktuelle utdanningsspørsmål, og også hjelpe andre som har spesifikke utdanningspolitiske spørsmål til andre land. Døme på slike spørsmål kan vere «stipendordningar for studentar frå familiar med låg inntekt», «tilgang til vaksenopplæring» eller «heimeundervisning under covid-19-pandemien».

Om du vil ha nytte av å stille spørsmål til dette forumet, ta kontakt.

Oppdatert rapport om innføringa av Bolognaprosessen

Bolognaprosessen er eit omfattande internasjonalt samarbeid innan høgare utdanning i Europa. Målet er å samordne og utvikle sams tiltak og politikk, og samarbeidet vert også omtala som European Higher Education Area (EHEA).

Samarbeidet har resultert i ei rekke indikatorar og standardar som skal lette godkjenning av utdanning på tvers av landegrensene. Det skal fremje mobilitet for studentar og tilsette innan høgare utdanning.

Dei mest kjende standardane er eit sams akademisk gradssystem, eit sams karaktersystem og eit sams system for studiepoeng. Desse vart innført i Noreg frå studieåret 2003/04.

I ei ny utgåve av ein rapport om innføringa av Bologna-prosessen ser ein på korleis deltakarlanda i EHEA har tatt i bruk dei ulike tiltaka. Rapporten er på seks kapittel, og eitt av dei fokuserer på lærings- og undervisningsmåla som vart fastsett i 2020.

Her vert det mellom anna lagt vekt på kva som finns av strategiar og andre politiske rådgjerder for å støtte undervisning og læring i høgare utdanning. I kor stor grad er strategiar utforma i dialog med ulike interessentgrupper? Kva er rolla til kvalitetsorgan i høgare utdanning i dei ulike landa?

Noreg er eitt av 14 land som rapporterer at det finns strategiar på nasjonalt nivå som fokuserer på høgare utdanning, det gjer Island også. Korkje Sverige og Danmark oppgir at dei har strategiar for høgare utdanning på nasjonalt nivå, medan Finland melder om ein overgripande utdanningsstrategi som dekker fleire nivå, inkludert høgare utdanning.

Strategiutviklinga i dei aller fleste land i Europa skjer i samarbeid mellom utdanningsdepartementa, universitets- og høgskuleorganisasjonar og studentorganisasjonane.

Eit fleirtal europeiske land, inkludert Noreg, har nasjonale prosjekt for å auke kvaliteten på utdanning og læring i høgare utdanning. Ulike former for prosjekt som skal transformere høgare utdanning, særleg ved hjelp av digitalisering, vert oftast nemnd i denne samanhengen. Dette er sams for alle dei nordiske landa. Finland har til dømes «Digivisio 2030». Det er eit nasjonalt program som inkluderer alle høgare utdanningsinstitusjonar. Programmet tek mål av seg til å bygge fleksible og lett tilgjengelege læringsmogelegheiter, særleg ved å nytte digitale fasilitetar.

I rapporten er det eit oversyn over kva land som har eigne statlege organ som støtter undervising og læring i høgare utdanning. Tre av 48 melder at dei har dette, Tyskland, Irland og Kazakhstan. Mange andre land har organisasjonar som støttar innovative praksisar i undervisning og læring. Organisasjonane er del av eller direkte under dei aktuelle kunnskapsdepartementa. Dette gjeld i dei nordiske landa.

Les heile rapporten:

Kontakt oss

Norwegian National Eurydice Unit

E-post:eurydice@hkdir.no

Kontakt oss

EACEA Eurydice Unit

E-post:eacea-eurydice@ec.europa.eu