Hopp til hovudinnhald

Om mobilitet i høgare utdanning

Gjennom Erasmus+ kan norske høgare utdanningsinstitusjonar søkje støtte til å sende og ta imot studentar og tilsette på utveksling.

Sist oppdatert : 29. juni 2026

Det er to ulike tiltak som rettar seg mot høgare utdanning. Mobilitet i høgare utdanning omfattar både individuell mobilitet i programland (KA131) og global mobilitet til og frå tredjeland som ikkje er assosierte med programmet (KA171).

Kva omfattar ordninga?

  • studieopphald og praksisopphald for studentar
  • undervisnings- og opplæringsopphald for tilsette
  • langtidsmobilitet (2-12 måneder) og blanda korttidsmobilitet (5-30 dager)
  • eit tilleggstipend for underrepresenterte grupper
  • inkluderingsstøtte til deltakarar med særskilde tilretteleggingsbehov.

To forskjellige tiltak

Individuell mobilitet (KA131) gir støtte til mobilitet frå Noreg til Erasmus+ sine programland. Det gjeld medlemslanda i EU, og dessutan Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Institusjonane kan også bruke delar av tildelinga (opp mot 20 %) til mobilitetsopphald utanfor dei assosierte landa. Det er også mogleg å ta imot tilsette frå bedrifter eller organisasjonar som blir inviterte som gjesteundervisarar.

Ein kan elles ikkje få støtte til å ta i mot studentar og tilsette i KA131.

Global mobilitet (KA171) gir støtte til mobilitet til og frå tredjeland som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet. Ordninga omfattar både studentmobilitet og tilsettmobilitet, og budsjettet er fordelt på ulike regionar som dekker heile verda.

I ny programperiode frå 2028 vil dei to tiltaka bli slått saman.

Kven kan søkje?

Norske høgare utdanningsinstitusjonar med gyldig Erasmus Charter for Higher Education (ECHE) kan søkje. Mobilitetskonsortium som består av fleire norske høgare utdanningsinstitusjonar kan også søkje. Det skal berre sendes inn ein søknad frå kvar institusjon på kvart av tiltaka.

Når og kor kan ein søkje?

Tiltaka har utlysningsfrist i februar kvart år. Ein søkjer gjennom Europakommisjonens system.

Kva kan institusjonane få støtte til?

Institusjonane kan søkje støtte til studie- og praksisopphald for studentar, og til undervisnings- og opplæringsopphald for tilsette. Studentmobiliteten kan vere fysisk eller blanda (altså inkludere ein virtuell komponent). Studentar og tilsette med spesielle behov kan òg få dekt meirkostnadar med mobiliteten.