Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Beneficiary Module og EU-Login

Beneficiary Module (BM) er EU-kommisjonens system for prosjektadministrasjon for programperioden 2021 - 2027. For å tilgang til BM må du ha ein EU Login-konto.

Sist oppdatert : 23. juni 2026

Alle aktive KA131- og KA171-prosjekt skal administrerast i Beneficiary Module (BM). For få tilgang til BM må du ha ein EU Login-konto. På kommisjonen sine nettsider finn du meir informasjon om EU Login og korleis du opprettar ein brukarkonto: EU Login - European Commission Authentication Service.

OBS! Frå og med 1. oktober 2025 er tofaktorautentisering (MFA) påkravd for å få tilgang til BM. Det betyr at du ikkje lenger kan logge inn berre med e-post og passord. Du må nytte ein ekstra metode for verifisering. Den enklaste og mest tilrådde metoden er å bruka EU Login-appen på mobiltelefonen din. Trykk her for å få opp ei rettleiing for å setje opp tofaktorautentisering.

Viss de ikkje får til å setje opp tofaktorautentisering, kan løysinga vere å slette koplinga mellom mobiltelefonen og EU Login-kontoen. Trykk her for å få opp rettleiing for å fjerne denne koplinga:

E-læringsvideoar om BM

Kommisjonen har publisert e-læringsvideoar om dei grunnleggjande stega i BM:

Trinnvise instruksar finn de på nettsida til kommisjonen:

Data Dictionary

Kommisjonen har utarbeidd ein "data dictionary" som forklarer formatet, eigenskapane og tillatne verdiar i datafelta som blir fylte ut ved registrering av mobilitetsaktivitetar i BM. Dette er spesielt nyttig når de skal bruke import-eksport-funksjonen.