Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Internasjonal dimensjon(KA131), Storbritannia og Sveits

I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla internasjonale dimensjonen. For Storbritannia og Sveits vil dette endre seg frå Call 2027.

Sist oppdatert : 1. oktober 2026

I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla "internasjonale dimensjonen".

Den internasjonale dimensjonen i KA131 gjeld berre for utreisande studentar og tilsette, og opptil 20 prosent av prosjektets totale budsjett (siste tildelte budsjett) kan brukast til å finansiera desse aktivitetane.

Den internasjonale dimensjonen kjem i tillegg til KA171, og som vanleg er det mogleg å ha KA131- og KA171-prosjekt samtidig.

Den internasjonale dimensjonen i KA131 har mål om å vere berekraftig, dvs. langsiktig og stabil, og i mindre grad vere avhengig av konkurranseutsette midlar, slik som vi ser i KA171. Tiltaket og midlane skal vere enkle og fleksible i bruk, og vera ein måte for nykommarar, mindre institusjonar og institusjonar som ikkje har KA171-prosjekter, til å bli meir internasjonale og styrkje sin eigen internasjonaliseringsstrategi.

Den internasjonale dimensjonen i KA131 kan òg nyttast til å styrkje samarbeidet i eit pågåande KA171-prosjekt ved at utreisande studentar på bachelor- og masternivå kan gjevast støtte til utveksling dei elles ikkje kan få innanfor rammene av KA171.

Ved registrering av mobilitetar til partnarland i Beneficiary Module, må de kryssa av i boksen som heiter «International Mobility activity».

Storbritannia og Sveits i Call 2027

Storbritannia og Sveits har i programperioden 2021 – 2027 vore rekna som tredjeland (ikkje‑assosierte land). Det har derfor vore mogleg å sende studentar og tilsette til desse landa gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131, innanfor ramma på inntil 20 prosent av prosjektbudsjettet.

I Call 2027 er Storbritannia og Sveits venta å delta i Erasmus+ som programland. Britiske og sveitsiske institusjonar kan først delta gjennom prosjekt som blir tildelte under Call 2027, og kan ikkje gå inn i prosjekt som allereie er i gang. Det inneber at studentar og tilsette tidlegast kan sendast på mobilitet til Storbritannia og Sveits frå 1. juni 2027, altså når 2027‑prosjekta startar.

Interinstitusjonelle avtalar (IIA)

For mobilitet i Call 2027 må institusjonane ha inngått ei interinstitusjonell avtale (IIA) for Erasmus+. Institusjonar som allereie har inngått internasjonale IIA-ar med partnarar i Storbritannia og Sveits, og som har brukt eller vil bruke desse for mobilitet fram til og med Call 2026, kan vidarebruke desse avtalane også for Call 2027. I slike tilfelle kan institusjonane leggje til data for innkommande mobilitet frå Storbritannia og Sveits for Call 2027 i avtalen, til dømes via e-post.

Institusjonane treng derfor ikkje vente på ECHE-resultata før dei startar dialogen om nye eller oppdaterte avtalar med britiske og sveitsiske partnarar. Tidleg dialog kan bidra til å unngå "flaskehalsar" når mange institusjonar skal inngå eller oppdatere avtalar samtidig.

Den offisielle internasjonale IIA‑malen inneheld minimumskrava i den ordinære intra‑europeiske IIA‑malen, i tillegg til nokre særlege krav for internasjonal mobilitet. Sidan denne IIA-malen dekkjer alle obligatoriske element, kan slike avtalar vidarebrukast for mobilitet med programland i Call 2027.

Andre avtalar, som til dømes Swiss European Mobility Programme (SEMP), Turing‑avtalar eller andre bilaterale avtalar, oppfyller ikkje IIA-kravet.

Erasmus Without Paper (EWP)

I Call 2027 er det ikkje obligatorisk å bruke Erasmus Without Paper (EWP) for interinstitusjonelle avtalar (IIA) eller Learning Agreements (LA) med britiske og sveitsiske institusjonar. Institusjonane kan i denne perioden bruke eksisterande rutinar og system.

Etter gjeldande informasjon frå Europakommisjonen er anbefalinga at britiske institusjonar ikkje nyttar dagens EWP-løysing. Manglande EWP-tilkopling er ikkje til hinder for Erasmus+-samarbeid. Samtidig er det forventa at nye ECHE‑institusjonar følgjer utviklinga av European Student Card Initiative (ESCI) og førebur seg på krav som kjem i neste programperiode (2028 – 2034).

For prosjekt til og med Call 2026 gjeld framleis reglane som er skildra ovanfor, og mobilitet til Storbritannia og Sveits går då gjennom den internasjonale dimensjonen i KA131.

Språkkrav, visum og innreise

Storbritannias deltaking i Erasmus+ i Call 2027 inneber ikkje endringar i britiske reglar for innreise, visum eller opphald.

Institusjonar og studentar må framleis forhalde seg til gjeldande britiske reglar og krav knytte til mobilitet, innreise og opphald. Storbritannias deltaking i Erasmus+ i Call 2027 inneber derfor ikkje ei automatisk tilbakevending til situasjonen før Brexit når det gjeld visum, innreise og andre nasjonale krav.

Institusjonar som planlegg mobilitet til Storbritannia, bør undersøkje gjeldande krav i god tid før mobiliteten skal gjennomførast. Kva reglar og krav som gjeld, må avklarast med vertsinstitusjonen og relevante britiske styresmakter.