Blanda intensivprogram (BIP)
Blanda intensivprogram (BIP) er korte intensivprogram som nyttar nye måtar å lære og undervise på.
Sist oppdatert : 4. april 2024Desse blanda intensivprogramma gjer det mogleg for høgare utdanningsinstitusjonar å gå saman for å utvikle felles læreplanar og aktivitetar for blanda mobilitet retta mot studentar og tilsette.
Ein BIP kombinerer ei kortare fysisk mobilitet med ein obligatorisk virtuell komponent som kan finne stad før, under eller etter den fysiske mobiliteten. Den fysiske mobiliteten skal ha ei varigheit på 5 til 30 dagar. Det er ingen krav til kor lenge den virtuelle komponenten skal vara. Likevel skal BIP-en til saman gi studentane minimum 3 ECTS. Vêr merksam på at BIP berre er mogleg innanfor KA131, og ikkje KA171.
Alle tilsette kan delta i BIP. Ved tilsettmobilitet for opplæring (STT), må den fysiske mobiliteten vare mellom 5 og 30 dagar (bortsett frå reisetid), og kombinerast med ein obligatorisk virtuell komponent. For tilsettmobilitet for undervisning (STA), må den fysiske mobiliteten vare mellom 2 og 30 dagar (bortsett frå reisetid), eller minimum 1 dag for inviterte gjesteforelesarar frå bedrifter/organisasjonar, og den virtuelle komponenten er valfri.
Institusjonane får administrasjonsmidlar (BIP-OS-midlar) for å utvikle og gjennomføre BIP-en. Det er koordinerande institusjon som søkjar om og får tildelt BIP-OS-midlane. Det er opp til institusjonane som organiserer BIP-en å bestemme korleis BIP-OS-midlane blir fordelte.
Det er krav om deltaking frå minst tre høgare utdanningsinstitusjonar frå minst tre programland. Det er òg eit krav om minimum 10 deltakarar. For å blir tald med, må deltakarane dra ut fysisk (kryssa ei landegrense) og delta aktivt. Det betyr at deltakarar frå vertslandet (der BIP-en blir arrangert) ikkje blir talt med. Det betyr òg at tilsette som reiser ut, berre blir talt med viss dei deltek aktivt på lik linje med dei andre deltakarane.
MERK: Kravet om minst 10 tilreisande deltakarar gjeld frå og med 2024-prosjektet. Dersom de arrangerer BIP på 2022- eller 2023-prosjektet, må de forhalda dykk til kravet om minst 15 tilreisande deltakarar.
Deltakarane som deltek på BIP får stipend frå sendarinstitusjonen sin.
Partnarane kan formalisere BIP-samarbeidet med ein multilateral interinstitusjonell avtale (IIA), dersom dei ønskjer det. Når institusjonane fornyar IIA via "Erasmus Without Paper" (EWP), vil mobilitet til ein BIP bli inkludert.
Ressursar
Ofte stilte spørsmål
Viss de av ulike grunne ikkje får brukt BIP-OS-midlane, kan de overføra inntil 100 prosent av desse midlane til andre budsjettkategoriar. Det er likevel ikkje lov å overføra ubrukt BIP-OS-midlar til dei ordinære OS-midlane (det er ikkje lov å auka dei ordinære OS-midlane utan eit vedtak frå HK-dir).
Sjå òg spørsmål og svar om overføring av BIP-OS-midlar mellom BIP i same prosjekt lenger nede på denne sida.
Når de søkjer om BIP-OS-midlar, må BIP-en ha minimum 10 planlagde deltakarar for å få finansiering frå HK-dir. (Minimum 15 deltakarar på 2022- og 2023-prosjektet.)
Dersom BIP-en endar opp med for få deltakarar, vil han ikkje bli godkjent og de får ikke behalde BIP-OS-midlane.
Viss det oppstår ei uventa hending ("force majeure") som gjer at deltakarane må trekke seg eller berre kan delta digitalt, kan partnarskapet behalde BIP-OS-midlane for dei deltakarane som er råka. Det er likevel HK-dir som fastslår om situasjonen som har oppstått er eit tilfelle av "force majeure".
Viss ein BIP endar opp med færre deltakarar enn det som står i kontrakten og det ikkje dreier seg om "force majeure", tilrår me at de ber om å få justert talet på deltakarar, og BIP-OS-midlane, ved interim.
Vêr merksam på at manglande deltakarar ikkje kan løysast ved å arrangera BIP-en fleire gonger (t.d. 410 deltakarar til stades fysisk ein veike og 5 i løpet av ei anna veike). Minst 10 deltakarar bør vere fysisk til stades saman på eitt arrangement.
Sjå òg spørsmål og svar om regelen om 10 prosent toleransemargin.
Det er lov å overføre ubrukte BIP-OS-midlar til ein annan BIP innanfor same KA131-prosjekt utan at det trengst ein kontraktendring. Overføringa må rapporterast i sluttrapporten til prosjektet.
Dette er stega de må ta (stega er førebels berre tilgjengeleg på engelsk)
- The Beneficiary encodes/has their partners (sending HEIs) encode the mobilities / actual number of participants in their BIPs.
The Beneficiary sees that there is a possibility to move reported BIP OS between their contracted BIPs: for example, BIP A goes from having 18 learner participants (BIP OS = 7200 EUR) to having 15 participants. BIP B goes from having 15 participants (BIP OS = 6000) to having 17 participants. - The Beneficiary decides that they want to do a budget transfer and not a grant agreement amendment.
- For BIP A, the BIP that will now have fewer learner participants (18 to 15), the reported BIP OS is automatically calculated in the BM project budget section and in the final report budget section. BIP A now has 6000 EUR reported BIP OS, not the original contracted 7200 EUR.
- For BIP B, the BIP that will now have more reported learner participants (15 to 17), the reported BIP OS does not automatically increase in the budget section beyond the contracted BIP OS. This is because the upper cap for reported BIP OS is always the contracted BIP OS of this BIP and this cap cannot be increased without a grant agreement amendment. Therefore, even when the learner participant number goes from 15 to 17 the reported BIP OS stays at 6000 EUR in the budget section of the project in BM and in the final report submitted by the Beneficiary.
- At the final report stage the Beneficiary describes in the budget transfer section of the KA131 final report that they did a budget transfer from BIP A to BIP B, decreasing the reported BIP OS for BIP A, and increasing the reported BIP OS for BIP B by the same amount. The final report budget version reported by the Beneficiary, however, will show that BIP A has 6000 EUR BIP OS, and that BIP B has 6000 EUR BIP OS.
- During the National Agency validation stage of the final report, the National Agency has to check the relevant textbox of the final report to see if all described budget transfers are eligible and feasible in terms of availability of funds to transfer. the National Agency then has to adapt the project’s final report budget (in this case the actual reported BIP OS of BIP B) according to the budget transfers. This is the final report budget validated by the National Agency.
- Both the final report budget reported by the Beneficiary and the budget validated by the National Agency are sent to PMM*. (*Nasjonalkontoret sitt datasystem.)
- Please note that if BIP A goes from having 18 learner participants (BIP OS = 7200 EUR) to having 17 participants, the 10% margin of tolerance applies in the calculation of the BIP OS, resulting in the reported BIP OS staying at 7200 EUR. Theoretically, reported BIP OS from BIP A can still be transferred to other BIPs to balance their final funding by describing the transfers in the final report.
Toleransemarginen på 10 prosent som gjeld for dei ordinære OS-midlane, gjeld òg for BIP-OS-midlane. Det betyr at partnarskapet kan behalde BIP-OS-midlane viss talet på rapporterte deltakarar er inntil 10 prosent lågare enn det som er kontraktfesta. (Med kontraktfesta meiner me her talet på deltakarar som står oppført i kontrakten mellom dykk og HK-dir, og som de har fått BIP-OS-midlar for.)
I praksis betyr 10 prosent toleransemargin at ein BIP med 10 til 19 kontraktfesta deltakarar kan ha 1 mindre deltakar utan at det påverkar BIP-OS-midlane. Ein BIP med 20 kontraktfesta deltakarar kan ha 2 mindre deltakare utan at det påverkar BIP-OS-midlane, fordi 10 prosent av 20 er lik 2.
Viss de har ein eller fleire BIP som ikkje kjem til å bli gjennomført, så tilrår me at de leverer frå dykk BIP-OS-midlane ved interim. Viss de har ein eller fleire BIP med færre deltakarar enn det som er kontraktfesta, så tilrår me at de ber om å få justert talet på deltakarar og BIP-OS-midlane ved interim.
MERK: Scenarioa nedanfor gjeld for BIP-er på 2024-prosjektet der minstekravet til talet på tilreisande deltakarar er 10. På 2022- og 2023-prosjektet er minstrekravet 15 tilreisande deltakarar. 10 prosent toleransemargin gjeld for alle prosjekt.
Scenario 1: Ein BIP har 10 kontraktfesta deltakarar, men endar til slutt opp med 9 deltakarar. 9 deltakarar er innanfor toleransemarginen på 10 prosent og partnarskapet får behalde BIP-OS-midlane for dei 10 kontraktfesta deltakarane.
Scenario 2: Ein BIP har 20 kontraktfesta deltakarar, men endar til slutt opp med 18 deltakarar. 18 deltakarar er innanfor toleransemarginen på 10 prosent og partnarskapet får behalde BIP-OS-midlane for dei 20 kontraktfesta deltakarane.
Scenario 3: Ein BIP har 10 kontraktfesta deltakarar, men endar til slutt opp med 8 deltakarar. 8 deltakarar er ikkje innanfor toleransemarginen på 10 prosent og BIP-en kan ikkje bli godkjent. Me tilrår at de leverer frå dykk BIP-OS-midlane ved interim.
Scenario 4: Ein BIP har 20 kontraktfesta deltakarar, men endar til slutt opp med 10 deltakarar. 10 deltakarar er ikkje innanfor toleransemarginen på 10 prosent. Me tilrår at de nedjusterer BIP-OS-midlane til 10 deltakarar ved interim. Viss dato for interim er passert, kan de be oss om ein kontraktendring for å nedjustere talet på kontraktfesta deltakarar til 10.
Scenario 5: Ein BIP har 20 kontraktfesta deltakarar, men endar opp med 9 deltakarar. 9 deltakarar er ikkje innanfor toleransemarginen på 10 prosent. For å få BIP-en godkjent, må de få justert ned BIP-OS-midlane til 10 deltakarar ved interim eller sluttrapport. De kan òg be om ein kontraktendring for å justere ned talet på kontraktfesta deltakarar til 10 slik at de kan få overført desse midlane til andre budsjettkategoriar.
Viss manglande deltakarar kjem av "force majeure", må de grunngi dette i sluttrapporten.
Mottakarinstitusjonen, anten det er koordinerande institusjon eller ikkje, skal alltid vere den som signerer IIA, læringsavtalar og mobilitetsavtalar, og utstedar karakterutskrift ("transcript of records") eller stadsfesting av nærvær ("confirmation of stay" ol.).
Studentar som allereie er på eit mobilitetsopphald i Noreg gjennom Erasmus+, kan kan delta på ein BIP, men dei vil då måtta reisa ut på eiga hand. Dei vil delta på lik linje med dei lokale studentane ved vertsinstitusjonen i det landet der BIP-en blir arrangert, men dei vil ikkje få stipend (dei har allereie Erasmus+-stipend), ikkje vere registrert på BIP-en og heller ikkje telje mot minimumskravet om 10 deltakarar.
Stønaden til den aktuelle BIP-en gjeld hele den aktuelle prosjektperioden, og ein kan få stønad til same BIP bare éin gong per prosjekt/utlysning ("call"). Det er likevel mogleg å søke stønad på nytt til same BIP i ny utlysing.
Det er mogleg for studentar å kun delta på den virtuelle delen, men desse vil ikkje motta stipend og heller ikkje telje mot kravet om 10 deltakarar, då dei ikkje flyttar på seg.
Sidan ein BIP kan vere ein del av eit fag eller eit eige fag, kan de anten sende ut ei karakterutskrift eller sende ut ein attest.
BIP-OS-midlane skal ikkje brukast til å finansiere innkommande mobilitetar til BIP-en. BIP-OS-midlane skal ikkje brukast for å auke den individuelle støtta.
BIP-OS-midlane er meint å dekkje kostnader relatert til utarbeiding, design, utvikling, implementering og oppfølging av programmet og levering av virtuelle-/fjernaktivitetar, og dessutan den overordna leiinga og koordineringa. Kostnader kan omfatte produksjon av dokument eller undervisningsmateriell, leie av rom og utstyr, ekskursjonar, utflukter, kommunikasjonsaktivitetar, omsetjing og tolking, førebuande besøk, honorar til forelesarar og administrative oppgåver.
BIP-en kan tilby enkelte tenester gratis eller subsidiere ein del av utgiftene for deltakarane, men det er viktig å unngå dobbeltfinansiering frå Erasmus+-midlar. Til dømes kan BIP-en sørgje for nokre måltid eller subsidiere overnatting for deltakarar. Viss BIP-en òg har lokale deltakarar som ikkje er kvalifiserte for å bli finansiert av Erasmus+ og det er eit ønskje om å betale for full innkvartering i byen til vertskapet eller på ein stad utanfor byen for desse deltakarane, og det er velgrunna, så er det tillate då det ikkje er dobbeltfinansiering frå Erasmus+.
Tilsette som driv med opplæring og undervisning, og som er med på å utforme BIP-en, kan komme frå tredjeland som ikkje er knytt til programmet så lenge dei blir finansierte av midlar frå KA171.
Merk at minimumsvarigheita på ein fysisk mobilitet for gjesteundervisere i KA171 er fem dagar i staden for ein dag, som i KA131. Reisedagar kjem i tillegg.
Ja, det er lov.
Tilsette som reiser ut for å undervise på ein BIP skal ikkje knytast til BIP-en i BM. Det er berre deltakarane («learners») som skal teljast med i BIP-en som skal knytast opp til BIP-en i BM. Tilsette som reiser ut for å undervise på BIP-en skal registrerast som ein vanleg tilsettmobilitet for undervisning (STA), der kravet er minst 2 dagar med fysisk mobilitet.
Undervisarar ved vertsinstitusjonen (ikkje-mobile undervisarar) skal derimot rapporterast i BM i BIP-feltet «Objectives and description».