For deg som har pågåande samarbeidspartnarskap tildelt i 2025
Andre tips til god prosjektstyring
Søknaden som styringsverktøy
- Prosjektet er innvilga på bakgrunn av søknaden. Bruk difor søknaden som styringsverktøy når de planlegg møter, prosjektaktivitetar, og legg fram framdriftsplan.
- Det er viktig å halde god kontroll undervegs på kor mykje av budsjettet som er brukt.
- Det er forventa at de leverer det de har fått innvilga i søknaden, og ein må difor gjere seg godt kjend med både søknad, kontrakt og vedlegg.
- Hugs at de i søknaden sette opp ein plan for måling av resultat med eigne valde verktøy og metodar (indikatorar).
Erasmus+-prosjekt skal bidra til kvalitet i utdanning gjennom inkludering og mangfald, aktivt medborgarskap, og digital og grøn omstilling. Vi har samla informasjon, tips og lenker som de kan bruke som støtte (lenke kommer)