Webinar: Storbritannia, Erasmus+ og studentmobilitet i høgare utdanning
Storbritannia er på veg inn i Erasmus+ – kva betyr det for din institusjon? Bli med på webinar og få eit forsprang i arbeidet med mobilitet frå 2027.
Om arrangementet
I juni 2026 signerte Noreg og Storbritannia ein intensjonsavtale om tettare utdanningssamarbeid. Samstundes førebur Storbritannia seg på deltaking i Erasmus+ frå 2027.
Dette opnar nye moglegheiter for studentmobilitet – og no er tida inne for å starte førebuingane.
På dette webinaret får du ei oppdatert gjennomgang av kva vi veit så langt, kva institusjonane bør ta høgd for, og korleis ein kan kome i gang med å legge til rette for både inn- og utreisande studentar. Målgruppa er tilsette i universitets- og høgskulesektoren som arbeider med studentmobilitet.
Vi får innlegg frå Iona Murdoch frå Universities UK International, Herdis Hølleland, Noregs spesialutsending til Storbritannia på kunnskapsfeltet, og Anette Stevnebø frå HK-dir. Frå universitetssektoren møter vi Nina Gry Stein og Kristin Torp Skogedal frå Universitetet i Bergen og Therese Gjessing frå Universitetet i Oslo, som deler erfaringar og perspektiv frå arbeidet med samarbeid og mobilitet mot Storbritannia.
Det blir òg rom for spørsmål og samtale bland deltakarane, og vi oppmodar deltakarane til å dele korleis dei jobbar med sine partnarar til Storbritannia for å få i gang meir mobilitet frå neste år – båe innreisande og utreisande.
Problem med påmelding?
På grunn av tekniske utfordringar kan påmeldingsløysinga periodevis vere ustabil. Dersom du opplever problem med å melde deg på, tilrår vi at du prøver igjen litt seinare. Takk for tolmodet, og vi beklagar eventuelle ulemper.

Påmeldingsfrist
16. september 2026 kl. 13.00 (CET)