Vurdering for framtida: Bachelor- og masteroppgåver i møte med KI
Korleis kan ein arbeide med bachelor- og masteroppgåver på måtar som tek vare på fagleg fordjuping, samstundes som ein møter utfordringane som følgjer med kunstig intelligens? I nettmøtet får du innblikk i erfaringar frå to ulike tilnærmingar: utvikling av utforskande og praksisnære oppgåver, og arbeid med å ta i bruk og konkretisere retningslinjer for bruk av KI i studentoppgåver.
Om arrangementet
HK-dir arrangerer nettmøte for erfaringsutveksling om innovasjon i vurdering i høgare utdanning. Vi ønskjer å løfte fram døme på vurderingspraksisar som møter utfordringar knytte til KI.
Vurdering er her ein integrert del av det heilskaplege emnedesignet. Døma skal vere relevante på tvers av fagområde og institusjonar, særleg der bruk av KI skaper nye utfordringar.
Møtet er retta mot undervisarar, studieleiarar og støttemiljø ved UH-institusjonar.
Program
Nettmøtet består av to innlegg om arbeid med masteroppgåver i møte med KI. Målet er å dele erfaringar og inspirere til vidare utvikling av vurdering for bachelor- og masteroppgåver i høgare utdanning.
Entreprenørielle masteroppgåver bidreg til arbeidsrelevans og KI-robustheit
v/Tuva Bjørkvold, førsteamanuensis og merittert undervisar, leiar Entre, OsloMet.
Vi får innblikk i korleis ein kan arbeide med entreprenørielle masteroppgåver og bruke vurdering som del av praksisnære og utforskande læringsløp.
Du får sjå korleis emneplan, organisering og vurderingsopplegg kan utformast for å ta vare på fagleg fordjuping i større oppgåver. Samstundes blir det lettare å vurdere studentane sitt eige arbeid.
https://uni.oslomet.no/entre/
Korleis sikre god bruk av KI i studentane sitt masterarbeid?
v/Tove Grete Lie, førsteamanuensis, Institutt for lærerutdanning, NTNU og Kristoffer Humphrey, universitetslektor, Institutt for lærerutdanning, NTNU.
Vi får innblikk i erfaringar frå grunnskulelærarutdanningane ved NTNU med bruk av KI i studentane sitt masterarbeid.
Du får sjå korleis obligatorisk opplæring og krav om å gjere greie for eigen bruk kan bidra til ein meir kritisk og konstruktiv bruk av KI. Samstundes blir det sett lys på utfordringar knytte til ulike tolkingar av retningslinjer og ulike oppfatningar av KI blant studentar, rettleiarar og sensorar.
Det blir òg rom for spørsmål og samtale om korleis erfaringane kan ha overføringsverdi til andre fagfelt.
Vonar me sjåast!
Fleire arrangement i nettmøteserien "Vurdering for framtida":

Påmeldingsfrist
16. juni 2026 kl. 10.00 (CET)