Hopp til hovudinnhald

Vurdering for framtida: Læringsfremjande vurderingsformer

Korleis arbeider undervisarar med å tilpassa undervisnings og vurderingsformer til ein kvardag med kunstig intelligens? Og kva er erfaringar når ein endrar på vurderingsformane? Korleis påverkar det studentanes tilfredsheit og læring? I dette nettmøtet får du innsikt i korleis NTNU og UiT arbeider praktisk med kunstig intelligens i undervisning, læring og vurdering.

Tidspunkt: 30. april 2026 kl. 09.00- 30. april 2026 kl. 10.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

For at vurdering skal bidra til god kvalitet i utdanning, må ho henge godt saman med læringsmål og undervisning. Riksrevisjonen si gjennomgang av kvalitetsarbeidet ved institusjonane viser at utviklinga av læringsfremjande vurderingsformer går sakte. Samstundes fører innføringa av KI i høgare utdanning til at vurdering no er eit område med stort behov for styrking. HK-dir ønskjer å bidra til kunnskapsdeling mellom institusjonane og til betre samordning av vurdering i høgare utdanning.

Vi ser nærare på erfaringar frå institusjonsvise prosjekter, og diskuterer felles utfordringar og moglegheiter. Målet er å dele kunnskap og inspirere til videre utvikling av vurderingsformer som er læringsfremjande og tilpassa en ny digital røynd.

Møtet er retta mot undervisarar, studieleiarar og støttemiljø ved UH-institusjonar.

Program

I dette nettmøtet har me invitert ulike fagmiljø til å dele erfaringar frå sine utviklingsprosjekt av nye vurderingsformar i eigne emne, som me håpar kan være relevante for andre. Til saman representerer dei fagfelta filosofi og informatikk og har vald ulike løysingar for å styrke samstemt undervisning og fremme læring for studentane.

Samstundes som dei er opptatte av å ta høgde for KI og korleis ein kan bli tryggare på at det er studentanes sitt arbeid eller kunnskap som blir vurdert. Nokre har mange studentar mens andre har færre. Kva erfaringar har de gjort seg så langt? Me får òg smakebitar frå følgjeforskinga på emna, og innblikk i korleis studentane opplever dette.

Omlegging til munnleg eksamen i ex-phil

Ved UiT har dei gjort ei omlegging av eksamensforma i eit emne som om lag 2000 studentar tar kvart år. Melina Duarte er førsteamanuensis i etikk og leiar ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (IFF) ved UiT Noregs arktiske universitet. Jan Harald Alnes er dosent i filosofi og fagansvarleg for ex.phil. ved IFF.

Dei har vore sentral i utprøvinga av nye vurderingsformer gjennom UiT sitt vurderingsprosjekt, som tidlegare har vore presentert i denne nettmøteserien. Dei vil fortelje om kvifor og korleis dei har innført munnleg eksamen i ex.phil., og dele erfaringar frå denne prosessen.

Korleis opplever studentane det når ein går helt bort ifrå det vande med å ha forelesningar og slutteksamen?

I 2023 vart eit informatikkemne for førsteårs lektorstudentar ved NTNU lagt om til eit heilt nytt opplegg basert på meistringslæring, der kvar student kan velje sitt eige tempo, med kontinuerleg vurdering i staden for slutteksamen og seminar med gruppearbeid i staden for førelesingar. Korleis har desse endringane påverka studentane si læring og det sosiale læringsmiljøet?

Vi får innblikk i erfaringar frå emnet og resultat av følgjeforsking knytt til opplegget. Guttorm Sindre er professor ved Institutt for datateknologi og informatikk, NTNU, og tidlegare leiar for SFU-senteret Excited. Gabrielle Hansen er forskar ved Excited og SEED (Center for Science and Engineering Education Development) ved NTNU.

Håpar me sjåast!

Fleire arrangement i nettmøteserien "Vurdering for framtida":

Påmeldingsfrist

30. april 2026 kl. 10.00 (CET)