Hopp til hovudinnhald

Nettside under konstruksjon

Nettside under konstruksjon

hkdir.no fylles fortsatt med innhold og funksjonalitet. Du vil derfor oppleve at noe innhold fortsatt befinner seg på andre nettsteder, at det mangler eller at det er funksjonalitet som ikke virker 100%. Ta kontakt med oss på post@hkdir.no hvis du savner innhold.

Våre arrangement på EAIE-konferansen 2023

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Rotterdam, Nederland, 26. – 29. september. Her finn du informasjon om stand, møtebord og kveldsarrangement i regi av oss.

Tidspunkt: 26. september 2023 kl. 07.00- 29. september 2023 kl. 13.00
Stad: Rotterdam • Fysisk

Om arrangementet

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Rotterdam, Nederland, 26. – 29. september. Her finn du informasjon om stand, møtebord og kveldsarrangement.

HK-dir sin stand på utstillingsområdet til EAIE har nr. H16 og heiter «Study in Norway».

Møtebord

Standen vil ha fire møtebord. Desse kan bookast av institusjonane utan kostnad, men me ønskjer at de koordinerer dykk internt og bookar gjennom ein kontaktperson.

Bookinga av møtebord forpliktar deg til å bruka dette. Etter eit kvarter av bookinga er bordet tilgjengeleg for andre.

Møteborda er tilgjengelege følgjande tidsslottar:

  • Onsdag 27. september: 08.30 – 11.30, 12.00 – 15.00, 15.00 – 18.00
  • Torsdag 28. september: 08.30 – 11.30, 12.00- 15.00, 15.00 – 18.00
  • Fredag 29. september: 09.00 - 12.00

Standvakter

Det vil alltid vera ein representant frå HK-dir til stades på standen. I tillegg ønskjer me ein eller to representantar frå norsk institusjon. Du representerer då norsk utdanningssektor, og jobben din er å svara på spørsmål frå "publikum". Me ønskjer at alle norske universitet og høgskular som deltek på EAIE-konferansen tek ein eller to standvakter. Husk å koordinera dykk internt. Det er plass til to institusjonar per vakt. Jo tidlegare du melder deg, jo meir sannsynleg er det at det er ledig plass på den standvakta som passar deg best.

På standen følgjer me enkle køyrereglar: Me er venlege og imøtekommande, og oppbevarer ikkje vesker og sekker der når me sjølv ikkje er på standen. Institusjonane kan ta med litt eigne profileringsartiklar.

Tider for standvakter, EAIE:

  • Onsdag 27. september: 08:30 – 11:30, 11.30 – 14:30, 14.:30 – 17:30
  • Torsdag 28. september: 08:30 – 11:30, 11.30 – 14:30, 14:30 – 17:30
  • Fredag 29. september: 09:00 – 12:00

Alle som er påmeldte som standvakter er hjarteleg velkomne til eit frivillig møte om korleis det er å stå på stand, arrangert av HK-dir. Dette møtet finn stad veka før EAIE-konferansen, tirsdag 19. september klokka 11.00 – 11.45.

Mottaking onsdag 27. september: Samarbeid med Tyskland

Onsdag 27. september frå 19 - 21 blir det arrangert ei mottaking for norske og tyske institusjonar. Dette finn stad på Wereldmuseum og det blir servert fingermat og drikke. Arrangementet er gratis, og målet er nettverking mellom tyske og norske universitet og høgskular. Arrangementet er eit samarbeid mellom HK-dir og DAAD, Study in Norway og DAAD KIWi.

Me ser fram til å sjå deg der! Arrangementet 27. september er no fullt, og påmeldinga er avslutta.

Mottaking på standen: Norwegian Reception

HK-dir arrangerer ei mottaking på standen torsdag 28. september 15.00 – 16.00. Til denne kan norske universitet og høgskular invitera sine partnarar og kontaktar. Det blir servert drikke og fingermat. Mottakinga er sjølvsagt gratis, og krev ikkje påmelding.

Her kan du lasta ned ein invitasjon på engelsk (pdf) som kan vidaresendast dine kontaktar. Invitasjonen blir også å finna som flyer på standen, til utdeling.

Kontakt oss

Tordis Marie Espeland

E-post:tordis.espeland@hkdir.no