Hopp til hovudinnhald

Søkarseminar for tilskot i bransjeprogram - Helse- og omsorgstenestene

Vi lyser ut tilskot til Helse- og omsorgstenestene gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling.

Tidspunkt: 23. januar 2025 kl. 12.00- 23. januar 2025 kl. 13.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Søkarseminaret var for opplæringstilbydarar som ønskjer å søke om tilskot til kompetanseutvikling gjennom treparts bransjeprogram for helse- og omsorgstjenestene.

Program for seminaret

  • Generell informasjon om treparts bransjeprogram og årets utlysing
  • Kort informasjon om utlysinga til helse- og omsorgstjenestene
  • Praktisk informasjon om å søke på tilskotsordninga
  • Gjennomgang av budsjettmal
  • Open del med moglegheit for spørsmål

Om utlysninga av tilskota

Formålet med utlysinga er økt deltaking i kompetanseutvikling i helse- og omsorgstjenestene.

Under denne utlysinga kan følgande typar organisasjonar søke om midlar:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskolar med offentleg stønad
  • offentlege fagskolar og private fagskolar med offentleg stønad
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
  • andre private tilbydarar

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidslivet. Samarbeidet skal vere med to eller fleire konkrete verksemder.

Frist for å søke om tilskot er 19. mars 2025, kl. 15:00.

Ofte stilte spørsmål og svar

Har du andre spørsmål?

Send gjerne spørsmåla dine i forkant.
Send e-post merka «Spørsmål søkarseminar» til bransjeprogrammet@hkdir.no

Praktisk informasjon

Møtet er gratis og ope for alle interesserte, men påmelding er påkravd.

Vi bruker Zoom som plattform.

Vi gjer ikkje opptak av seminaret, men presentasjonar frå seminaret blir publisert på denne nettsida saman med ein oppdatert versjon av «spørsmål og svar om utlysinga». Vi oppmodar derfor til aktiv møtedeltaking.

HK-dir kan svare på spørsmål om utlysinga, men kan ikkje lese gjennom eller kommentere på konkrete søknadsutkast. Send spørsmålet ditt til bransjeprogrammet@hkdir.no. Vi svarar på spørsmåla kontinuerleg.

Velkomen til søkarseminar!

Påmeldingsfrist

23. januar 2025 kl. 12.00
(norsk tid)

Bransjeprogrammet

E-post:bransjeprogrammet@hkdir.no