Hopp til hovudinnhald

Opptak frå søkarseminar for tilskot i bransjeprogram

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lyser ut tilskot gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Sjå presentasjonane frå søkarseminaret nedanfor.

Tidspunkt: 14. desember 2023 kl. 11.30- 14. desember 2023 kl. 13.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Søkarseminaret er for opplæringstilbydarar som vil søke om tilskot til kompetanseutvikling gjennom treparts bransjeprogram.

Opptak frå presentasjonane

Her er presentasjonen frå søkjarseminaret som vart halde 14. desember.

Program for seminaret

  • Generell informasjon om treparts bransjeprogram og årets utlysing
  • Partene i arbeidslivets rolle i bransjeprogrammene
  • Kort informasjon om utlysinga ved kvart bransjeprogram
  • Praktisk informasjon om å søkje på tilskotsordninga
  • Gjennomgang av budsjettmal
  • Open del med moglegheit for spørsmål

Om utlysninga av tilskota

Formålet med utlysinga er økt deltaking i kompetanseutvikling i de bransjane som inngår i bransjeprogrammet.

I år er det fire bransjar som med i utlysinga:

  • Avfall- og gjenvinningsbransjen
  • Industri og byggenæringa
  • Jordbruk-, skogbruk- og gartnerinæringa
  • Finansnæring
  • Informasjonssikkerheit og IKT

Under denne utlysinga kan følgjande typar organisasjonar søkje om midlar:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskoler med offentleg stønad
  • offentlege fagskoler og private fagskoler med offentleg stønad
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
  • andre private tilbydarar

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidslivet. Samarbeidet skal vere med to eller fleire konkrete verksemder.

Frist for å søke om tilskot er 5. februar 2024, kl. 17.00.

Ofte stilte spørsmål og svar

Praktisk informasjon

Møtet er gratis og ope for alle interesserte, men påmelding er påkrevje.

Vi bruker Zoom som plattform.

Vi gjer ikkje opptak av seminaret, men presentasjonar frå seminaret blir publiserte på denne nettsida saman med ein oppdatert versjon av «spørsmål og svar om utlysinga». Vi oppmodar derfor til aktiv møtedeltaking.

HK-dir kan svare på spørsmål om utlysinga, men kan ikkje lese gjennom eller kommentere på konkrete søknadsutkast. Send spørsmålet ditt til bransjeprogrammet@hkdir.no. Vi svarar på spørsmåla kontinuerleg.

Velkomen til søkarseminar!

Påmeldingsfrist

Utløpt

Bransjeprogrammet

E-post:bransjeprogrammet@hkdir.no