Hopp til hovudinnhald

Seminar om studentmobilitet i helse- og sosialfaglege utdanningar

HK-dir har saman med Høgskulen på Vestlandet gleda av å invitere til dagsseminar om auka studentmobilitet i helse- og sosialfaglege utdanningar.

Tidspunkt: 29. oktober 2024 kl. 09.00- 29. oktober 2024 kl. 15.00
Stad: HVL sin campus på Kronstad i Bergen • Fysisk

Om arrangementet

Formålet med seminaret vil vere å dele kunnskap og erfaringar om korleis ein som institusjon og fagmiljø kan jobbe for å auke studentmobiliteten, og å lære av kvarandre.

Seminaret er for prosjekt som har fått støtte gjennom "Økt studentmobilitet i 3-årige profesjonsutdanninger" og andre med nøkkelroller i dei rammeplanstyrte helse- og sosialfagutdanningane og innan internasjonalisering – både faglege leiarar og administrativt tilsette.

Programmet vil bestå av ei blanding av innlegg i plenum og workshops.

Hald av dagen, vi kjem tilbake med program og påmelding!

Ingrid Endal

Rådgjevar

E-post:ingrid.endal@hkdir.no

Lene Krogh Baldersheim

Seniorrådgivar

E-post:lene.baldersheim@hkdir.no