Hopp til hovudinnhald

Rekruttering av internasjonale studentar

Me inviterer deg til eit seminar der du får læra meir om korleis institusjonen kan jobba effektivt med å rekruttera internasjonale studentar. Her får du høyra om gode metodar og læra frå andre sine erfaringar.

Tidspunkt: 18. januar 2024 kl. 08.00- 18. januar 2024 kl. 15.00
Stad: USN, Campus Drammen • Fysisk

Seminaret vert arrangert i samarbeid med USN, og finn stad på USN sin campus i Drammen.

På seminaret får du:

  • Høyra svenske erfaringar med nasjonalt samarbeid institusjonane imellom, for å rekruttera internasjonale studentar, ved Niklas Tranaeus, rådgjevar ved Stockholms Universitet og tidlegare teamleiar av Study in Sweden ved Svenska Institutet
  • Meir kunnskap om kva deler av organisasjonen som bør samarbeida, og korleis, for å lukkast med internasjonal rekruttering, ved Tracy Playle, grunnleggar av byrået Pickle Jar Communications, som har spesialisert seg på strategisk rekruttering i utdanningssektoren.
  • Lytta til erfaringar med ulike aspekt av internasjonal rekruttering gjort av norske universitet og høgskular.
  • Snakka med andre i sektoren som jobbar innan same område og få nyttige innspel.

Målgruppe

Leiarar og tilsette ved universitet og høgskular som jobbar innan område relevante for internasjonal rekruttering: Det kan vera kommunikasjon, marknadsføring, opptak og andre aspekt. Seminaret er retta mot både rekruttering av europeiske og ikkje-europeiske studentar.

Seminaret er gratis. Det blir servert lunsj. Vi håpar de nyttar høvet til å få oppdatert kunnskap om eit fagområde som er blitt meir relevant etter innføring av studieavgift hausten 2023.

Seminaret vert ikkje strømma, men vil følgjast opp med relevante webinar utover vinteren og våren. Eit viktig utbyte frå seminaret er å møta andre som jobbar med liknande tematikkar på andre universitet og høgskular.

Bakgrunn

HK-dir forvaltar mandatet profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland på vegne av Kunnskapsdepartementet. Ein del av mandatet er å rådgje norsk sektor innan tematikkar relevante for dette.

Merk

Seminaret vart flytta fra november til januar. Om du meldte deg på til opphavleg dato 8. november, ber vi om at du registrerer deg på nytt.

Påmeldingsfrist

10. januar 2024 kl. 22.59

Kari Risnes , Avdeling for globalt samarbeid og kapasitetsbygging

Rådgiver

E-post:kari.risnes@hkdir.no