Søkarseminar for tilskot i treparts bransjeprogram
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) inviterer opplæringstilbydarar og andre interesserte til eit digitalt seminar om årets utlysing av tilskot.
Om arrangementet
Søkarseminaret er for opplæringstilbydarar som vil søke om tilskot til kompetanseutvikling gjennom treparts bransjeprogram. På seminaret får du informasjon om tilskotsordninga, dei aktuelle bransjeprogramma og kva du bør vere merksam på dersom du vurderer å søkje.
Vi går mellom anna gjennom krav og føringar i utlysinga, budsjettmalen og praktiske forhold knytte til søknaden. Det blir også høve til å stille spørsmål undervegs.
Program for seminaret
- Generell informasjon om treparts bransjeprogram og årets utlysing
- Partane i arbeidslivet si rolle i bransjeprogramma
- Kort informasjon om utlysinga ved kvart bransjeprogram
- Praktisk informasjon om å søkje på tilskotsordninga
- Gjennomgang av budsjettmal
- Open del med moglegheit for spørsmål
Om utlysinga av tilskota
Formålet med utlysinga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i bransjeprogrammet.
I år er det tre bransjar som er med i utlysinga:
- Vass og avløpsbransjen
- Barnehagesektoren
- Vakt- og sikkerheitsbransjen
Under denne utlysinga kan følgjande typar organisasjonar søkje om midlar:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskolar med offentleg stønad
- offentlege fagskolar og private fagskolar med offentleg stønad
- fylkeskommunar
- studieforbund som ligg inn under tilskotsordninga til Kunnskapsdepartementet
- andre private tilbydarar
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidslivet. Samarbeidet skal vere med to eller fleire konkrete verksemder.
Frist for å søke om tilskot er fredag 5. februar 2027, kl. 17.00.
Ofte stilte spørsmål og svar
Praktisk informasjon
Møtet er gratis og ope for alle interesserte, men påmelding er påkrevje.
Vi brukar Zoom som plattform.
Vi gjer ikkje opptak av seminaret, men presentasjonar frå seminaret blir publiserte på denne nettsida saman med ein oppdatert versjon av «spørsmål og svar om utlysinga». Vi oppmodar derfor til aktiv møtedeltaking.
HK-dir kan svare på spørsmål om utlysinga, men kan ikkje lese gjennom eller kommentere på konkrete søknadsutkast.
Send spørsmålet ditt til bransjeprogrammet@hkdir.no. Vi svarar på spørsmåla kontinuerleg.
Velkomen til søkarseminar!
Meld deg på her og få lenken til Zoom tilsendt etterpå.

Påmeldingsfrist
15. desember 2026 kl. 12.00 (CET)