Hopp til hovudinnhald

Rettleiier du i digitale ferdigheiter?

Torsdag 27. november arrangerer vi eit miniverkstad om rettleiarrolla for deg som rettleier i digitale ferdigheiter i Ålesund. Det er gratis og ope for alle som rettleier som ein del av jobben eller frivillig.

Tidspunkt: 26. november 2025 kl. 00.00- 26. november 2025 kl. 00.00
Stad: Ålesund • Fysisk

Om arrangementet

Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Senter for eit aldersvenleg Noreg og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) arrangerer eit miniverkstad for rettleiarar i grunnleggjande digitale ferdigheiter.

Torsdag 27. november er datoen og temaet er rettleiarrolla og personvern.

Innhaldet for dagen:

  • Kva er digitale ferdigheiter?
  • Kva ligg i rettleiarrolla?
  • Kva er digidel.no og korleis kan ein bruke den?
  • Personvern knytt til rettleiarrolla og kva ein kan gjere og ikkje har lov til.

Påmelding kjem.