Hopp til hovudinnhald

Research Catalogue workshop

Bli kjent med Research Catalogue (RC)!

Tidspunkt: 13. april 2026 kl. 12.00- 13. april 2026 kl. 14.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Research Catalogue er ei internasjonal samarbeids- og publiseringsplattform for kunstnarleg utviklingsarbeid. I denne workshopen får nye brukarar ein praktisk og inspirerande introduksjon til korleis plattforma kan brukas til å arbeide med, dele og dokumentere kunstnarleg utviklingsarbeid.

Program

  • Kva er Research Catalogue + inspirasjon (ca. 30 minutt)
  • Lag ein eksposisjon (i formata block og graphical) + deling og publisering (ca. 90 minutt)

Praktisk informasjon

  • Språk: Engelsk
  • Deltaking er gratis og ope for alle interesserte
  • Det blir ikkje gjort opptak
  • Workshopen blir halden av Heidi Möller
  • For å ha fullt utbyte av workshopen treng du konto (full account) i Research Catalogue. Sjå Quick Start Guide i menyen nedst på nettsida Research Catalogue for rettleiing.

24. april kl. 10-12 vert det ei oppfølgjande workshop der deltakarane kan få rettleiing og praktisk støtte i arbeidet med eigne eksposisjonar i Research Catalogue.

Påmeldingsfrist

13. april 2026 kl. 11.00 (CET)