Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Panoramaseminaret 2025

Forskningsrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og NTNU har gleda av å invitere til Panoramaseminaret 2025 som finn stad 11. og 12. juni i Trondheim.

Tidspunkt: 11. juni 2025 kl. 11.00- 12. juni 2025 kl. 13.30
Stad: Trondheim • Fysisk

Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med prioriterte land utanfor EU og EØS: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.

Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2025 er korleis internasjonalt kunnskapssamarbeid kan bidra til å løyse dei store kompetansebehova vi står overfor. I perspektivmeldinga blir det vist til at Noreg kjem til å mangle kompetanse på mange viktige område i åra framover. Den same trenden ser vi i Europa, der mellom anna Draghi-rapporten har peika på eit aukande kompetansegap som må dekkast dersom Europa skal kunne konkurrere med USA og Kina. Dette skjer i ei verd prega av stadige geopolitiske endringar og ei aukande klimakrise. På dette seminaret skal vi utforske korleis internasjonalt samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon kan spele ei avgjerande rolle i å tette dette kompetansegapet, og samtidig leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling.

Målgruppa for seminaret

• Vitskapleg og administrativt tilsette som er involverte i forsknings- og utdanningssamarbeid og prosjekt med land omfatta av Panoramastrategien
• Relevant leiing ved norske universitet og høgskular

Praktisk informasjon

• Seminaret finn stad i realfagbygget (Gløshaugen) i Trondheim, med Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) som vertsinstitusjon.
• Dato: 11.–12. juni 2025
• Tidspunkt: lunsj-til-lunsj

Utvikling av program

Programmet blir utvikla i samarbeid med representantar frå Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo (UiO), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Universitetet i Tromsø (UiT) og den norske ambassaden i Beijing.

Påmelding og deltakaravgift

Påmelding er stengd.

For å delta fysisk begge dagar er avgifta kr 2000,-. Deltakaravgifta inkluderer deltaking på konferansen, samt lunsj begge dagar og mottaking den 11.juni.

  • Påmeldingsfrist: 1. juni
  • Avmeldingsfrist: 3. juni

Deltakaravgifta vil ikkje bli refundert ved avmelding etter 3. juni.

Vi ser fram til gode diskusjonar, inspirerande innlegg og ei felles utforsking av korleis vi kan møte desse utfordringane. Velkomen til Panoramaseminaret 2025!

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)