Hopp til hovedinnhold

Panoramaseminaret 2023

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Universitetet i Oslo har gleda av å invitere til Panoramaseminaret 2023 som finn stad 12. og 13. september i Oslo.

Tidspunkt: 12. september 2023 kl. 11.00- 13. september 2023 kl. 14.00
Sted: Universitetet i Oslo, universitetets aula • Fysisk

Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med landa som er omfatta av Panoramastrategien: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.

Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2023 er korleis geopolitiske endringar utfordrar rammene og føresetnadene for internasjonalt kunnskapssamarbeid.

Angrepskrigen i Ukraina, globalisering under press, økonomiske nedgangstider og aukande internasjonal rivalisering har ført til større behov for å verne grunnleggjande akademiske verdiar og nasjonale interesser også innanfor ramma av internasjonalt kunnskapssamarbeid.

Endringane har skjerpa forståinga for at kunnskapssamarbeidet er ein viktig del av nasjonal beredskap og at vurderingar knytt til tryggleik er ein integrert del av forskingsintegriteten. Einskilde samarbeidsland er også peika ut som høgrisikoland. Dette gjer internasjonalt kunnskapssamarbeid meir utfordrande, men gir kanskje også nokre nye moglegheiter. I tillegg til ulike sesjonar som tar for seg internasjonalt samarbeid med desse landa, vil seminaret vere ein arena for å dele erfaringar og å bygge nettverk.

Målgruppa for seminaret

  • vitskapleg og administrativt tilsette involvert i kunnskapssamarbeid og prosjekt med land omfatta av Panoramastrategien
  • relevant leiing ved norske universitet og høgskular

Program og praktisk informasjon

  • Seminaret vil finna stad i Oslo, og Universitetet i Oslo er medarrangør
  • Lokasjon: Universitetets Aula
  • Dato: 12.–13. september 2023
  • Tidspunkt: lunsj-til-lunsj

Programmet er utvikla i samarbeid med representantar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Nord universitet, VID vitskaplege høgskule, Universitetet i Sørøst-Norge og Innovasjon Norge.

Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet), Gunnar Skirbekk (Universitet i Bergen) og Torkjell Leira (Kunnskaps- og teknologiutsending til Brasil) er mellom dei som vil halde innlegg.

Det vil bli sesjonar om studiemobilitet til Panoramalanda, ansvarleg internasjonalt samarbeid, nordområda, kopling forsking, utdanning og næringsliv, COIL og digitalt internasjonalt samarbeid, og dessutan landssesjonar der ein kan diskutere landsspesifikke problemstillingar og utfordringar.

Strøyming av arrangementet

Det er berre plenumssesjonaene som vert strøymt. Det kostar ikkje noko å sjå på strøyminga, og det er heller ikkje påmelding.

Påmelding og deltakaravgift

For å delta på heile seminaret eller delar av seminaret, må du registrere deg via påmeldingssystemet vårt Trippus.

For å delta fysisk begge dagar er avgifta kr 1500,-. For å delta fysisk berre ein av dagane er avgifta på kr 750,-. Plenumssesjonane vil bli strøyma.

  • Påmeldingsfrist: 1. september
  • Avmeldingsfrist: 4. september
Påmeldingsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Julie Park

E-post:julie.park@hkdir.no