Ope møte om forslag til nye reglar for tilsetjing på innstegsvilkår
Vi har sendt på høyring forslag til nye reglar for tilsetjing på innstegsvilkår. I samband med høyringa inviterer vi til eit ope møte der det blir høve til å stille spørsmål og drøfte problemstillingar knytt til forslaget.
Om arrangementet
Dei nye reglane skal inngå i kapittel 3 i Forskrift til universitets- og høyskoleloven, og erstatte følgjande forskrift:
- Forskrift 24. mars 2015 nr. 341 om ansettelse på innstegsvilkår.
Møtet startar med presentasjon av rapporten Evaluering av ansettelse på innstegsvilkår, utarbeidd av Oslo Economics på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Last ned rapporten Evaluering av ansettelse på innstegsvilkår: Hvordan har prøveordningen med innstegsstillinger i akademia fungert og hva kan bli bedre? | Oslo Economics)
Deretter presenterer HK-dir forslag til nye reglar for tilsetjing på innstegsvilkår.
Høyringsfrist 13. april 2025.