Hopp til hovudinnhald

Nordisk Erasmus+-webinar om lærarakademi

Velkomen til nordisk Erasmus+-webinar om lærarakademi 2024! Dette webinaret er arrangert i fellesskap av nasjonalkontora i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.

Tidspunkt: 6. mars 2024 kl. 13.00- 6. mars 2024 kl. 14.30
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Dette digitale webinaret vil gi deltakarar meir innsikt i tiltaket Erasmus+ lærarakademi. Målgruppa er organisasjonar innan høgare utdanning, grunnopplæring og fag- og yrkesopplæring.

Det vil bli gitt ein introduksjon til den aktuelle utlysinga for 2024, og ein får høyre om andre nordiske organisasjonar som har suksessfulle lærarakademi. Det vil òg bli moglegheit til å stille spørsmål.

Meir informasjon om Erasmus+ lærarakademi finn du på nettsida til Den europeiske kommisjonen.

Webinaret vil bli halde på engelsk.

Påmeldingsfrist

1. mars 2024 kl. 22.59