Hopp til hovudinnhald

Nettseminar om terminologiarbeid i universitets- og høgskulesektoren

Tar engelske fagtermar over i faget ditt? Korleis kan universiteta og høgskulane sørgje for at det blir utvikla norsk terminologi innanfor alle fag, og korleis kan ditt fagmiljø bidra?

Tidspunkt: 25. april 2024 kl. 08.00- 25. april 2024 kl. 09.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Saman med Termportalen ved Universitetet i Bergen og Språkrådet arrangerer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse nettseminar om utvikling av norsk terminologi i universitets- og høgskulesektoren.

Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023. Seminaret vil bli teiknspråktolka.

Påmeldingsfrist

Utløpt