Vurdering for framtida: Korleis arbeider institusjonane med KI-utfordringar i vurdering?
Korleis påverkar kunstig intelligens vurdering i høgare utdanning – og korleis møter institusjonane desse utfordringane? I dette nettmøtet får du innsikt i korleis UiT og UiA arbeider strategisk og praktisk med kunstig intelligens i undervisning, læring og vurdering. Vi ser nærare på erfaringar frå institusjonsvise prosjekter, og diskuterer felles utfordringar og moglegheiter. Målet er å dele kunnskap og inspirere til videre utvikling av vurderingsformer som er læringsfremjande, rettferdige og tilpassa en ny digital røynd.
Om arrangementet
For at vurdering skal bidra til god kvalitet i utdanning, må ho henge godt saman med læringsmål og undervisning. Riksrevisjonen si gjennomgang av kvalitetsarbeidet ved institusjonane viser at utviklinga av læringsfremjande vurderingsformer går sakte. Samstundes fører innføringa av KI i høgare utdanning til at vurdering no er eit område med stort behov for styrking. HK-dir ønskjer å bidra til kunnskapsdeling mellom institusjonane og til betre samordning av vurdering i høgare utdanning.
Møtet er retta mot undervisarar, studieleiarar og støttemiljø ved UH-institusjonar.
Program
Torill Sommerlund, prosjektleiar for "Nye vurderingsformer", UiT Norges arktiske universitet
Prosjektet «Nye vurderingsformer» går føre seg ved UiT Noregs arktiske universitet i perioden 1. februar 2025 til 31. januar 2026. Prosjektet er eit heilskapleg initiativ frå Strategisk utdanningsutval på tvers av alle fakultet og støtteeiningar. Føremålet er: «Å utvikle, teste og implementere innovative vurderingsformer som tek opp i seg utfordringar knytte til den utbreidde tilgangen på store språkmodellar, samstundes som akademisk integritet blir ivareteken, læring blir fremja og avhengnaden av tradisjonelle skulebaserte eksamenar blir redusert.» Torill Sommerlund vil dele erfaringar om korleis UiT sitt prosjekt er utforma for å ivareta dette føremålet, og gi ein status på arbeidet som no er i piloteringsfasen.
Maj Schian Nielsen, førstebibliotekar og KI-koordinator for utdanning ved Universitetet i Agder.
Nielsen arbeider med å utvikle og forankre retningslinjer og praksisar for bruk av kunstig intelligens i utdanninga ved UiA. Ho leiar mellom anna prosjektet «KI i begrunnelser», som utforskar korleis generativ KI kan støtte sensorar i arbeidet med å skrive grunngivingar utan å svekkje fagleg skjønn, og korleis grunngivingar kan forståast som læringsfremjande delar av vurderinga. I innlegget sitt deler Nielsen erfaringar frå prosjektet og reflekterer over korleis institusjonar kan leggje til rette for ein tillitsfull og pedagogisk forsvarleg bruk av KI i vurderingsprosessar.
Etter innleggene vil vi opne nettmøtet for kommentarar og spørsmål.
Sjå opptak frå tidlegare nettmøte:
