Hopp til hovudinnhald

Mobilitet til og frå Storbritannia - kva er mogleg?

I dette møtet ønsker vi å sette fokus på kva for nokre mobilitetsrammeverk som i dag legg til rette for mobilitet mellom norske og britiske universitet og høgskular. Vi har med oss inviterte gjestar som vil informere om det britiske Turing-programmet, det walisiske Taith-programmet og North2North-programmet under UArctic-nettverket.

Tidspunkt: 5. mars 2024 kl. 10.00- 5. mars 2024 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse inviterer til dialogmøte med sektoren om mobilitet til og frå Storbritannia.

Som erstatning for Erasmus+ har Storbritannia utvikla to eigne program som skal bidra med finansiering til mobilitetsopphold. Turing-programmet er for studentar ved britiske universitet som ønsker å studere i utlandet og Taith-programmet støttar mobilitet til og frå Wales. I tillegg legg North2North-programmet under UArctic-nettverket til rette for mobilitet til og frå skotske universitet. Vi har med oss inviterte innleiarar for å informere om desse ordningane:

  • Steve Woodfiels, Head of Government Relations i British Council, om Turing-programmet
  • Walter Brooks, Programme Manager for Further Education, Vocational and Higher Education, Taith-programmet
  • Natalia Kononova, seniorrådgivar og nasjonal koordinator for North2North, UiT Noregs arktiske universitet

Vi set òg av tid til spørsmål og erfaringsdeling og oppfordrar dykk til å tenke over følgande spørsmål i forkant:

  • Kva erfaring har de med desse programma så langt?
  • Korleis ser de føre dykk at mobilitetsarbeidet kan vidareutviklast med utgangspunkt i desse programma?
  • Korleis kan vi få fleire britiske studentar til å velge å studere i Norge?

Målgruppa er administrativt tilsette i UH-sektoren som arbeider med internasjonal mobilitet, og andre som er interessert i mobilitet mellom Noreg og Storbritannia. Møtet vil bli gjennomført på engelsk.

Påmeldingsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Anja Olsen Moberg

Seniorrådgiver

E-post:Anja.moberg@hkdir.no

Telefonnummer:+47 95 90 90 44