Hopp til hovudinnhald

Kunnskapsprat: Korleis bidrar fagskulane til å dekke behova for folk og kompetanse i helsesektoren?

Vi må jobbe på nye måtar for å løyse behova i helsesektoren, slår Helsepersonellkommisjonen fast. Mellom anna må helsefagarbeidarar kvalifiserast for nye oppgåver. Fagskulane må spele ei viktig rolle i dette arbeidet. Korleis kan ein saman leggje best til rette for at samfunnet får den kompetansen vi treng?

Tidspunkt: 15. juni 2023 kl. 09.00- 15. juni 2023 kl. 09.45
Stad: • Digitalt

Opptak frå arrangement

Om arrangementet

På dette webinaret presenterte vi først årets Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning. Talet på studentar innan helsefaga stig, men fleire slit med gjennomføringa, viser rapporten.

Så inviterte vi til panelsamtale om behova og moglege løysingar i helsesektoren. I panelet sat:

  • Cathrine Westmork, leiar for Fagråd for helse- og oppvekst, og fagskolerektor ved AOF Vestlandet–Agder
  • Thea Thuset, leiar for Organisasjon for norske fagskulestudentar (ONF)
  • Tonje Thorbjørnsen, einheitsleiar for yrkesseksjon helse og sosial, Fagforbundet
  • Hanne Børrestuen, spesialrådgiver i avdeling arbeidsliv og arbeidsgiverpolitikk, KS

Panelsamtalen vart leia av Else Kathrine Nesmoen, avdelingsleiar for høgare yrkesfagleg utdanning i HK-dir. I panelsamtalen diskuterte vi mellom anna desse spørsmåla:

  • Fullføringstala tydar på at det ikkje er berre enkelt å gjennomføre ei utdanning mens ein står i jobb – kva er utfordringane? Og kva kan gjerast for å betre dette?
  • Kva gjer arbeidsgivarsida for å få oversikt over kva kompetanse dei tilsette har og kva dei manglar, og korleis jobbar dei for å få rett kompetanse på rett stad til rett tid?
  • Korleis legg arbeidsgivar til rette for at tilsette skal få kompetansehevinga dei treng, og korleis sikrar dei at dei tilsette får brukt kompetansen sin?

Praktisk informasjon

  • Vi bruker Zoom som plattform.
  • Kunnskapsprat blir tegnspråktolket.
  • Kunnskapsprat blir tatt opp og gjort tilgjengelig i ettertid.

Christian Kronen

E-post:christian.kronen@hkdir.no