Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Kunnskapsprat: Fagskulekandidatar går stort sett ut i relevant jobb, men ikkje alle. Kvifor det?

Interessa for høgare yrkesfagleg utdanning er i sterk vekst. Vi utforskar dagens situasjon og korleis fagskulane arbeider med å gjere utdanningane relevant for arbeidslivet. Men kvifor er det likevel slik at ikkje alle fagskulekandidatane går ut i relevant jobb etter fullført utdanning? Velkommen til Kunnskapsprat!

Tidspunkt: 13. juni 2024 kl. 08.30- 13. juni 2024 kl. 10.15
Stad: Kulturhuset, Oslo • Fysisk | • Digitalt

Opptak frå arrangement

Aldri før har vi hatt så mange fagskulestudentar. Kva er status no? Vi legg frem funn frå Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2024!

Vidare dykkar vi ned i tematikken om overgang frå fagskule til arbeidsliv. Fagskuleutdanning skal gi studentane kompetanse til å gå rett ut i relevant jobb. Innanfor dei fleste fagområde er dette tilfellet, men kvifor går nokon fagskulekandidatar vidare til andre studiar eller blir arbeidslause etter fullført utdanning?

Du møter:

  • Statssekretær Ivar Prestbakmo
  • Håkon Høst, forskar i NIFU
  • Magnus Strand Hauge, seniorrådgjevar i NOKUT
  • Therese H. Røst, seniorrådgjevar i HK-dir

I panelet:

  • Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • Thea Tuset, leiar for Organisasjon for Norske Fagskolestudenter
  • Annelise Kiønig, rektor ved Fagskulen Kristiania
  • Anja Johansen, leiar for utdanningspolitikk i Abelia
  • Eirik Hågensen, rektor ved Fagskolen i Viken

Praktisk informasjon

Målgruppe

Arrangementet er relevant for deg som er tilsett i fagskulesektoren, karriererettleiarar, privat næringsliv, partane i arbeidslivet, forskarar og deg som jobbar i offentleg forvaltning.

Arrangementet er gratis.

Fysisk deltaking

Arrangementet finn stad sentralt i tredje etasje på Kulturhuset i Oslo sentrum. Det vert servert noko å bita i og kaffi frå kl. 08.30. Arrangementet startar kl. 09.00. Ver ute i god tid!

Digital deltaking

Om du ikkje har høve til å delta fysisk, kan du delta digitalt via strøyming. Kryss av for digital deltaking når du melder deg på. Du får tilsendt lenke til strøyminga når det nærmar seg. Du vil òg finne lenke til strøyminga på denne sida, og opptak blir publisert her i etterkant.

Har du behov for tilrettelegging?

Vi ønsker at våre arrangement skal vere tilrettelagde for alle. Vennligst gi beskjed om du har behov for tilrettelegging når du melder deg på.

Arrangementet blir teiknspråktolka.

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)

Kontakt oss

Amal Karlsen

(påmelding og praktiske spørsmål)

E-post:amal.karlsen@hkdir.no