Hopp til hovudinnhald

Frå politikk til praksis: Kva gir internasjonalt samarbeid av verdi for ingeniørutdanningane?

Arrangementet gir eit strategisk blikk på europeisk og norsk politikk, viser korleis Erasmus+ og andre verkemiddel kan nyttast i kvalitetsarbeidet, og løftar fram gode døme på tiltak som fremjar mobilitet, innovasjon og rekruttering innan ingeniør- og STEM fag.

Tidspunkt: 28. oktober 2026 kl. 10.00- 28. oktober 2026 kl. 15.00
Stad: NTNU i Trondheim Rådssalen i 2. etg. I Gamle hovedbygning, Gløshaugen, Trondheim • Fysisk

Vi får både overordna perspektiv på nasjonale og europeiske satsingar på internasjonalisering og konkrete døme på korleis norske utdanningsinstitusjonar arbeider strategisk med internasjonalt samarbeid. Erfaringar frå mellom anna Erasmus+-prosjekt og mobilitetssamarbeid viser ulike tilnærmingar til å styrkje utdanningskvalitet og studentane si læring.

Eit sentralt spørsmål for samlinga er kva som skal til for å lykkast med internasjonalt samarbeid og mobilitet, og kva erfaringar som kan ha overføringsverdi på tvers av institusjonar. Det blir lagt opp til aktiv deltaking med gruppesamtalar undervegs, og samlinga blir avslutta med ein panelsamtale.

Kvifor delta?

  • Få eit strategisk perspektiv på kvifor internasjonalt utdanningssamarbeid innan ingeniør- og STEM‑fag er høgt prioritert i europeisk og norsk politikk og for institusjonane.
  • Sjå korleis Erasmus+ prosjektsamarbeid kan nyttast som verkemiddel for kvalitetsutvikling og internasjonal posisjonering.
  • Få døme på institusjonelle grep som har bidrege til høg studentmobilitet i ingeniørutdanningar.
  • Diskuter korleis breiare europeisk utdanningssamarbeid kan styrkje kompetanseforsyning, innovasjonskraft og rekruttering innan ingeniør‑fag.

Målgruppe

Dekanar, prodekanar, instituttleiarar, studieprogramleiarar, internasjonale koordinatorar, prosjektkoordinatorar, administrativt tilsette og andre interesserte.

Påmeldingsfrist

14. oktober 2026 kl. 16.00 (CET)

Kontakt oss

Aase Bergmann

E-post:aase.bergmann@hkdir.no