Internasjonalisering i lærarutdanningane
HK-dir og INN inviterer deg til eit spennande seminar om internasjonalisering i lærarutdanningane. Få innblikk i kva for strategiske grep dei som lukkast tek. Utforsk nye perspektiv og bli med i diskusjonen om korleis vi kan rigge oss for skiftande tider. Møt opp til ein dag fylt med innsikt, inspirasjon og nettverksbygging.
Det er ei glede å presentere innleiarar som er svært erfarne innanfor internasjonalt samarbeid i lærarutdanningane. Tema som vil bli belyst:
- kvifor mobilitet er viktig og korleis lærarutdanninga kan fremme interkulturell kompetanse hos studentane
- døme på strukturelle tiltak med mål om å integrere globale perspektiv i heile studieløpet
- korleis vidareføre internasjonalisering i ordinær drift basert på prosjektresultat
- internasjonalisering på ein framtidsretta måte i tråd med geopolitiske endringar
Målgruppe
Dekanar, prodekanar, instituttleiarar, studieprogramleiarar, internasjonale koordinatorar, prosjektkoordinatorar, administrativt tilsette og andre interesserte

Påmeldingsfrist
Utløpt (CET)