Hopp til hovudinnhald

Internasjonal rekruttering og omdømmebygging

Korleis kan norske universitet og høgskular styrke si internasjonale studentrekruttering og byggje eit attraktivt omdømme? Gjennom faglege innlegg og samtalar får deltakarane innsikt i korleis ulike institusjonar arbeider strategisk med å nå ut til potensielle internasjonale heilgradstudentar.

Tidspunkt: 10. november 2025 kl. 10.00- 10. november 2025 kl. 15.00
Stad: BI-bygget i Oslo. Nydalsveien 37. • Fysisk

Samlinga er ein møteplass for dei som arbeider med internasjonal rekruttering ved norske universitet og høgskular. Tema for samlinga er internasjonal rekruttering og omdømmebygging. Vi får innsikt i korleis ulike universitet og høgskular arbeider med desse områda, og får høve til å drøfte utfordringar og mogelege løysingar saman med andre som jobbar med det same.

Sjølve presentasjonane, frå klokka 10.00 til 12.00, vil bli strøymde, og dei som melder seg på som digitale deltakarar, vil få tilsend ei strøymelenkje til denne delen etter at påmeldingsfristen er ute.

Etter lunsj blir det ein meir interaktiv del, der dei som er fysisk til stades får høve til å utveksle idear og finne løysingar saman.

Sidan ein stor del av programmet også består av samtalar og diskusjonar, vil digital deltaking gi eit meir avgrensa utbyte samanlikna med fysisk oppmøte.

Bakgrunn:

Samlinga er ein del av arbeidet til HK-dir med å profilere Noreg som eit attraktivt land for studium og samarbeid.

Du kan lese meir om korleis vi arbeider med profilering, få inspirasjon til rekrutteringsarbeidet, og finne kunnskap og verktøy på nettsidene våre om profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland.

Påmeldingsfrist

5. november 2025 kl. 23.59
(CET)