Instagram-pilot: Korleis fenge internasjonale studentar?
Lær meir om korleis du kan bygga omdøme blant internasjonale studentar via instagram.
Om arrangementet
Korleis kan vi profilere Noreg som studieland gjennom Instagram?
I dette webinaret deler vi erfaringar frå pilotordninga "Instagram Takeover", der nokre norske institusjonar la ut sine innlegg på Instagram-profilen til Study in Norway.
Bli med for å lære av erfaringane og utforske strategiar for bruk av Instagram!
Du vil møte:
- Gyda Bjercke (HK-dir): Fortel om Instagram-piloten og erfaringar med denne.
- Malin Aurbakken Gylvik (UiO): Fortel om korleis Universitetet i Oslo jobbar mot internasjonale studentar i sosiale medium.
I tillegg blir det diskusjonar og erfaringsutveksling.
Målgruppe:
Tilsette ved norske universitet og høgskular som jobbar innan område relevant for internasjonal rekruttering. Dette informasjonsmøtet er antakeleg mest relevant for dei som jobbar med sosiale medium, kommunikasjon eller studentkontakt.
Bakgrunn:
Dette er eit møte i møteserien om profilering og vil følgjast opp med fleire møtetema utover året. Møtet er tenkt å vere ein enkel og uformell måte å få innsikt i korleis HK-dir jobbar med profilering av Noreg som studieland, og korleis dette kan passa saman med innsatsen universitet og høgskular sjølv gjer. Møteserien vil ta opp ulike tema knytt til profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland.
