Fleksibel og desentralisert utdanning bidreg til å løyse regionale og nasjonale kompetansebehov
Vi inviterer til nettseminar om fleksibel og desentralisert utdanning innan dei samfunnskritiske fagområda beredskap og journalistikk. Me har invitert to prosjekt til å dele erfaringane sine frå planlegging og gjennomføring av fleksible studietilbod utvikla i samsvar med nasjonale og regionale behov, med målgruppa for studiet i fokus.
Om arrangementet
Samfunnet krev kontinuerleg ny og oppdatert kompetanse, og i fleire bransjar er det ei utfordring å få tilsett personar med formell kompetanse innanfor rett fagfelt. Det er derfor avgjerande med tilgang til fleksibel og oppdatert kompetanseheving i samsvar med dei nye kompetansekrav. I nettseminaret får du høyra om:
- Universitetet i Søraust-Noreg (USN), som har utvikla modular i beredskapsleiing for å styrkja kunnskap og samhandling i krisesituasjonar.
- Nord universitet, som har utvikla eit innføringsstudium i journalistikk, med mål om å fremja profesjonell og kunnskapsbasert formidling i både lokale og nasjonale medium.
Begge tilboda er tilrettelagde for folk i jobb og utforma med tydeleg omsyn til både fagleg innhald og behovet til målgruppene.
Program:
- Velkommen v/HK-dir
Prosjektpresentasjoner:
- Årsstudium i leiing med fokus på førebuskap v/USN
- Innføring i journalistikk v/Nord universitet
- Spørsmål frå publikum
- Avslutning v/HK-dir
Informasjon om opptak
Webinaret vil bli tatt opp og publiseres på våre nettsider i etterkant. Som deltakar vil du ikkje kome med på opptaket. Du vil heller ikkje kunne sjå andre deltakarar eller deltakarlista.
Konferanse for høgare utdanning 2025
Konferanse for høgare utdanning 2025 handlar om samarbeid og arbeidsdeling i UH-sektoren. Dette er eitt av dei tilstøytende arrangementa som vert gjennomførte i dagane før og etter konferansen.
