Hopp til hovudinnhald

EUs utdanningspakke: Forslaget om attraktive karrierar i akademia

I mars publiserte Europakommisjonen sin «høgare utdanningspakke», eit reformforslag der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. HK-dir inviterer til webinarrekke i 2024 for å utforske dei ulike forslaga i utdanningspakken.

Tidspunkt: 4. november 2024 kl. 10.00- 4. november 2024 kl. 11.30
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Dette webinaret er det fjerde i rekka og vil handla om forslaget om attraktive karrierar i akademia. Europakommisjonen sitt utgangspunkt er at internasjonalt utdanningssamarbeid og kvalitetsutvikling i høgare utdanning ikkje blir støtta og verdsett i så stor grad som naudsynt i dei akademiske karrierane, og at dette er eit hinder for utvikling av europeisk høgare utdanning.

Kva inneber dette forslaget, og korleis ser det ut frå perspektivet til europeiske og norske universitet? Korleis heng den europeiske prosessen for utvikling av akademiske karrierar saman med det som skjer i Noreg?

Program

Europakommisjonen sitt forslag om attraktive karrierar i høgare utdanning

  • Jon Gunnar Simonsen, avdelingsleiar, HK-dir

Careers in higher education - perspectives from higher education institutions and considerations for the proposal of Council Recommendation

  • Thérèse Zhang, Deputy Director, European University Association (på engelsk)

Fleksible karrierevegar og internasjonalisering for norske akademikarar, i eit NOR-CAM-perspektiv

  • Alexander Refsum Jensenius, professor og leiar for RITMO-senteret, UiO

Erfaringar frå ein norsk UH-institusjon og deira europeiske partnarar

  • Heidi Tovsrud Knutsen, spesialrådgivar, Universitetet i Sørøst-Norge, den europeiske universitetsalliansen EDUC og YERUN-nettverket

Panelsamtale

Bakgrunn

Europakommisjonen har publisert tre ambisiøse forslag, der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. Pakka, som vart publisert 27. mars, inneheld mellom anna forslag til eit rammeverk for ein europeisk grad og ei rekkje tiltak som skal leie fram til dette målet.

Medan forslaget om ein europeisk grad er hovudtemaet i pakka, føreslår Kommisjonen også to såkalla rådsanbefalingar, som bidreg til å støtte opp om ein europeisk grad: Ein om kvalitetssikring og godkjenning i høgare utdanning, og ein om attraktive og berekraftige karrierar i høgare utdanning.

Kva er ein europeisk grad?

EU har støtta arbeidet med fellesgradar i mange år, hovudsakleg gjennom Erasmus Mundus, pilotprosjekt i alliansane og fleire andre tiltak i Horisont Europa -programmet. Dei siste åra har temaet særleg vore aktualisert gjennom arbeidet med dei europeiske universitetsalliansane. Ei stor utfordring med fellesgradar, har vore, og er framleis, at dei ulike landa har ulike system for korleis dei kvalitetssikrar og godkjenner gradar, og at lovverka nasjonalt (og i nokre tilfelle på regions- og institusjonsnivå) ikkje harmonerer. Ein har forsøkt å løysa desse utfordringane gjennom Bolognaprosessen, men fleire land har ikkje gjort dei nødvendige endringane i eigne lovverk, og derfor blei bl.a. UH-pakka introdusert som eit nødvendig tiltak til å drive arbeidet framover.

Ei anna utfordring har det vært at ulike systema i UH-sektoren er ikkje fleksible nok, og at internasjonalt utviklingsarbeid ikkje støttes og verdsettast i så stor grad som ønskeleg.

Med forslaget om ein europeisk grad forsøker EU å kome vidare i dette arbeidet – på den eine sida med å invitere til diskusjon om temaet, og på den andre sida med å føreslå alternative løysingar.

Meir informasjon om forslaget finst på Europakommisjonen sine heimesider:

Om webinaret

HK-dir inviterer til dialog kring innhaldet i forslaga og kva dette vil bety for norsk høgare utdanning. Dette vil me gjere i ei webinarrekke der me tar opp ulike delar av forslaget.

I webinaret 4. november vil me gå djupare inn i forslaget om attraktive karrierar i akademia, og sjå på relevansen og konsekvensar av dette forslaget for norsk UH-sektor. Me får ein kort presentasjon av forslaget, samt refleksjonar og kommentarar frå Europa og Noreg. Me får eit innblikk i korleis norske institusjonar arbeider med denne tematikken i sine nettverk, både på europeisk og nasjonal plan.

Dette er webinar nummer fire i serien om Europakommisjonen sitt forslag til reform i høgare utdanning.

Oversikt over tema i dei ulike webinara:

  1. Introduksjon til reforma (16. april)
  2. Ein europeisk grad (16. mai)
  3. Om godkjenning og kvalitetssikringssystem (5. september)
  4. Om akademiske karrierar (4. november)

Fekk du ikkje med deg dei førre webinara? Fortvil ikkje, du kan sjå opptaka her:

Påmeldingsfrist

4. november 2024 kl. 09.00
(norsk tid)

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no