Erfaringsseminar: Studentar frå Ukraina – kva har skjedd i 2023?
Sommaren 2022 mobiliserte norske universitet og høgskular for å ta imot studentar i samband med flyktningstraumen frå Ukraina. Erfaringa etter haustsemesteret var at mange institusjonar hadde fått færre slike studentar enn venta. Korleis har det gått i vårsemesteret 2023 og i opptaket til nytt studieår?
Om arrangementet
Som innleiar får me med oss Katrine Vidme Tronstad frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Ho vil oppsummere dei nasjonale erfaringane frå å ta imot og busetje flyktningar frå Ukraina i 2023 og seie noko om korleis mottakssystemet førebur seg for det komande åra.
Me vil også ha innleiarar frå UiB og UiA som vil dele deira erfaringar med opptak og oppfølging av ukrainske og andre flyktning-studentar det siste året.
Møtet rettar seg mot tilsette ved universitet og høgskular som på ulikt vis har vore involverte i å ta imot ukrainske studentar det siste året.
Møtet foregår i Zoom.
