Hopp til hovudinnhald

EAIE-konferansen 2026

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Glasgow 8. - 11. september. Her finn de informasjon om HK-dir sine aktivitetar under konferansen.

Tidspunkt: 8. september 2026 kl. 07.30- 11. september 2026 kl. 15.00
Stad: Glasgow, Skottland • Fysisk

Om arrangementet

EAIE-konferansen er Europas største konferanse innan internasjonal høgare utdanning. Ho samlar meir enn 7 000 personar frå ei rekkje land over fire dagar til presentasjonar, diskusjonar og nettverksaktivitetar. Konferansen har óg eit stort messeområde der ulike land presenterer tilboda sine innan høgare utdanning.

I 2026 går EAIE-konferansen føre seg i Glasgow, nærare bestemt på Scottish Event Campus (SEC), som ligg på vestsida av sentrum.

Programmet for EAIE-konferansen og informasjon om påmelding finn du på nettsida for EAIE Glasgow 2026.

Norsk stand

HK-dir organiserer ein «Study in Norway»-stand med møtebord, sofa, ladestasjonar og brosjyrehyller i utstillingsområdet på Scottish Event Campus (SEC).

Norske institusjonar kan få presentere tilboda sine innan høgare utdanning på «Study in Norway»-standen ved å bidra som standvakter og leggje ut brosjyrar om institusjonen sin.

Dei kan óg bestille møtebord i standområdet for å ha møte med nye eller eksisterande partnarar.

Meir informasjon om messeområdet og plasseringa av den norske standen vil bli publisert her så snart informasjonen er tilgjengeleg.

Vaktar på standen

Vi ønskjer at norske institusjonar bidreg som standvakter saman med folk frå HK-dir. Som standvakt representerer du både di eiga institusjon og den norske utdanningssektoren generelt. Oppgåva di blir å svare på spørsmål frå publikum og formidle kontakt vidare dersom det er noko du ikkje kan svare på sjølv.

Det er ønskjeleg at kvar institusjon tek 1 - 2 vakter i løpet av konferansen, avhengig av kor stor institusjonen er og kor mange dei har med seg på konferansen. Kvar vakt varer i om lag 1,5 til 2,5 timar. Vi oppmodar dykk til å koordinere dette internt ved institusjonen.

Frist for registrering som standvakt er fredag 22. august, men merk at dei mest populære tidspunkta blir fylte opp først.

Tidsrom og status for standvaktar

  • Onsdag: 08.30-11.00, 11.00-13.00, 13.00-15.00, 15.00-16.30, 16.30-18.00
  • Torsdag: 08.30-11.00, 11.00-13.00, 13.00-15.00, 15.00-16.30, 16.30-18.00
  • Fredag: 08.30-10.30, 10.30-12.00

Møtebord

Her kan de bestille møtebord under EAIE 2026 på den norske standen. Standen har fire møtebord med tilhøyrande stolar. Tre av borda kan bestillast på førehand. Det fjerne møtebordet er sett av til "drop-in"-møte og kan ikkje bestillast.

Vi oppmodar dykk om å ikkje bestille fleire møtebord enn de har behov for, slik at flest mogleg får høve til å bruke dei.

Frist for bestilling av møtebord er fredag 22. august, men merk at dei mest populære tidspunkta blir fylte opp først.

Tidsrom og status for møtebord

  • Onsdag: 09.00-11.00, 11.00-13.00, 13.00-15.00, 15.00-18.00
  • Torsdag: 09.00-11.00, 11.00-13.00, 13.00-15.00, 15.00-18.00
  • Fredag: 09.00-11.00

Norsk-fransk mottaking

Tysdag 8. september inviterer HK-dir og Institut Français Norvège norske og franske høgare utdanningsinstitusjonar til ei norsk-fransk mottaking. Arrangementet finn stad på Citation i sentrum av Glasgow, på sein ettermiddag/kveld (eksakt tidspunkt blir kunngjort seinare).

Målet med mottakinga er å styrkje samarbeidet mellom norske og franske institusjonar innan høgare utdanning. Her blir det høve til uformell mingling og nye kontaktar på tvers av landa. Kontakt Lene Krogh Baldersheim (lene.baldersheim@hkdir.no) ved spørsmål.

Sett av tidspunktet – påmelding kjem.

Anette Stevnebø

Seniorrådgiver

E-post:anette.stevnebo@hkdir.no

Tordis Marie Espeland

Seniorrådgiver

E-post:tordis.espeland@hkdir.no