EAIE-konferansen 2025
EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Gøteborg frå 9.–12. september. Her finn du informasjon om HK-dir sine aktivitetar under konferansen.
Om arrangementet
EAIE-konferansen er Europas største konferanse innan internasjonal høgare utdanning. Ho samlar meir enn 7000 personar frå ei rekkje land over fire dagar til presentasjonar, diskusjonar og nettverksaktivitetar. Konferansen har óg eit stort messeområde der ulike land presenterer tilboda sine innan høgare utdanning.
I 2025 går EAIE-konferansen føre seg i Gøteborg, nærare bestemt i Svenska Mässan, like ved Liseberg.
Programmet for EAIE konferansen og informasjon om påmelding finn du på nettsida for EAIE Gøteborg 2025.
Merk at institusjonar som bidreg til den norske "Study in Norway" -standen får høve til å promotere sin eigen institusjon her, og kan i tillegg bli lista opp i konferanseappen som "sub-exhibitor" under fana "Study in Norway".
For at institusjonen din skal kunne bli lista, treng vi at de melder frå til Laila Linde Lossius (laila.lossius@hkdir.no) om dette innan 25. juni.
Norsk stand
HK-dir organiserer ein «Study in Norway»-stand med møtebord, sofa, ladestasjonar og brosjyrehyller i utstillingsområdet Svenska Mässan.
Standen har nummer P54 og ligg på eit hjørne, like ved Study in Finland og NTNU, på vegen mellom inngangsdøra og lunsjområdet.
Norske institusjonar kan få presentere dei høgare utdanningstilboda sine på «Study in Norway»-standen ved å bidra som standvakter og leggje ut brosjyrar om institusjonen sin.
Dei kan òg booke møtebord i standområdet for å ha møte med nye eller eksisterande partnarar.
Vaktar på standen
I tillegg til personell frå HK-dir ønskjer vi at norske institusjonar bidreg som standvakter. Som standvakt representerer du både din eigen institusjon og den norske utdanningssektoren generelt. Oppgåva di blir å svare på spørsmål frå publikum og formidle kontakt vidare dersom det er noko du ikkje kan svare på sjølv.
Det er ønskjeleg at kvar institusjon tek 1–3 vakter i løpet av konferansen, avhengig av kor stor institusjonen er og kor mange dei har med på konferansen. Prøv å koordinere dette internt.
Kvar vakt varer i om lag 1,5 til 2,5 timar.
- Onsdag: 08:30–11:00, 11:00–13:30, 13:30–16:00 og 16:00–18:00
- Torsdag: 08:30–11:00, 11:00–14:00 og 16:00–18:00
- Fredag: 08:30–10:30 og 10:30–12:00
Frist for registrering som standvakt er fredag 22. august, men merk at dei mest populære tidspunkta blir fylte opp først.
Møtebord på standen
Standen vil ha fire møtebord som kan bookast til møte (tre låge og eitt høgt), kvart med fire stolar. Borda kan bookast for ein tidsperiode på 1,5 til 2 timar.
- Onsdag: 08:30–10:30, 10:30–12:30, 12:30–14:30, 14:30–16:30 og/eller 16:30–18:00
- Torsdag: 08:30–10:30, 10:30–12:30, 12:30–14:00 og/eller 16:00–18:00
- Fredag: 08:30–10:30 og/eller 10:30–12:00
Hugs å ikkje booke meir enn du treng, slik at borda ikkje blir ståande tomme. Prøv å koordinere dette internt i institusjonen.
Frist for booking av møtebord er fredag 22. august, men merk at dei mest populære tidspunkta blir fylte opp først.
Mottakingar
Norsk-britisk samarbeidslunsj
Onsdag 10. september kl. 12:00–13:30 inviterer HK-dir og British Council til felles lunsj på Restaurant 1923, like innanfor den nordre inngangen til Liseberg, om lag 6 minutt å gå frå konferanseområdet.
Norske institusjonar for høgare utdanning kan få inntil tre plassar ved denne lunsjen. I tillegg vil British Council invitere eit utval britiske institusjonar som har interesse for samarbeid med Noreg.
Norske institusjonar kan ikkje sjølve invitere eigne partnarar, men dersom de har britiske partnarinstitusjonar som det er særleg relevant å invitere, kan vi formidle dette vidare til British Council. Send i så fall ein e-post til vår kontaktperson for den norsk-britiske lunsjen, Aurora Hårtveit (aurora.hartveit@hkdir.no).
PS: Dersom det skulle bli ledige plassar, kan vi ta imot 1–2 namn til ei «venteliste» per e-post. Desse plassane blir fordelte etter «førstemann til mølla»-prinsippet.
Mottaking ved standen
Torsdag 11. september kl. 14:30–15:30 blir det ei norsk mottaking ved «Study in Norway»-standen. Her kan de invitere eigne partnarar til litt lett mat og drikke, samt nettverksbygging. Meir informasjon om denne mottakinga kjem over sommaren.