Hopp til hovudinnhald

EAIE-konferansen 2024

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Toulouse, i Frankrike frå 17.–20. september. Her finn du informasjon om norsk stand, møtebord og mottaking.

Tidspunkt: 17. september 2024 kl. 12.00- 20. september 2024 kl. 14.00
Stad: MEETT konferansesenter i Toulouse, Frankrike • Fysisk

Om arrangementet

Program for EAIE konferansen finn du på nettsida for EAIE Toulouse 2024

Hugs å melde deg på konferansen på EAIE konferansens side.

Norsk stand

HK-dir sin stand på utstillingsområdet til EAIE har nr. B14 og heiter «Study in Norway».


Standvakter

Det vil alltid vera ein representant frå HK-dir til stades på standen. I tillegg ønskjer me ein eller to representantar frå norsk institusjon. Du representerer då norsk utdanningssektor, og jobben din er å svara på spørsmål frå "publikum". Me ønskjer at kvar institusjon helst tek to eller tre vakter i løpet av EAIE, litt avhengig av storleik. Husk å koordinera dykk internt.

På standen følgjer me enkle køyrereglar: Me er venlege og imøtekommande, og oppbevarer ikkje vesker og sekker der når me sjølv ikkje er på standen. Institusjonane kan ta med litt eigne profileringsartiklar.

Tider for standvakter, EAIE:

  • Onsdag 18. september: 08:30 – 11:30, 12:00 – 15:00, 15:00 – 18:00
  • Torsdag 19. september: 08:30 – 11:00, 11:00 – 13:30, 13:30-16:00, 17:00-18:00
  • Fredag 20. september: 09:00 – 11:00, 11:00 – 13:00

(I Doodle er det er viktig at de registrerer namn og e-post adressa de brukar på jobb. Hugs også å trykke på «continue» for å sende svaret. De vil da få ei stadfesting på e-post).

Møtebord

Standen vil ha fire møtebord og tre stoler til kvart bord. Desse kan bookast av dei norske institusjonane utan kostnad, men me ønskjer at de koordinerer dykk internt på institusjonen og bookar gjennom ein kontaktperson.

Bookinga av møtebord forpliktar deg til å bruka dette. Etter eit kvarter av bookinga er bordet tilgjengeleg for andre.

Møteborda er tilgjengelege følgjande tidsslottar:

  • Onsdag 18. september: 08:30 – 11:30, 12:00 – 15:00, 15:00 – 18:00
  • Torsdag 19. september: 08:30 – 11:00, 11:00-13:30, 13:30-16:00, 17:00-18:00
  • Fredag 20. september: 09:00 – 12:00

Mottaking på standen: Norwegian reception

HK-dir arrangerer ei mottaking på standen torsdag 19. september 16.00 – 17.00. Til denne kan norske universitet og høgskular invitera sine partnarar og kontaktar. Det blir lett servering. Mottakinga er gratis.

Nedanfor finn de ein PDF invitasjon som dykk kan skrive ut og gi til partnarane deira.

Kontaktpersonar: