CBIE-konferansen 2026
Canadian Bureau for International Education (CBIE) arrangerer sin årlege konferanse i Ottawa 22.–25. november 2026. Her finn du informasjon om HK-dir sine aktivitetar under konferansen.
Om arrangementet
CBIE Annual Conference er Canadas leiande konferanse for internasjonal utdanning og ein sentral arena for å utvikle internasjonale samarbeid. Her møtest universitet, høgskular, styresmakter og partnarar frå Canada og resten av verda for å byggje nettverk, utveksle erfaringar og utforske nye moglegheiter innan studentmobilitet, forsking og internasjonalisering.
Her finn de meir informasjon om CBIE konferansen.
Norsk stand
HK-dir organiserer ein felles norsk Study in Norway-stand under CBIE-konferansen. Standen skal vere ein møteplass og ei moglegheit til å profilere Noreg som studie- og partnarland. Norske institusjonar som deltek på CBIE, kan òg bruke standen til å synleggjere eiga verksemd. Samstundes må dei vere budde på å bidra til bemanning av standen og til å promotere den norske utdanningssektoren som heilskap.
Sidan standen har avgrensa plass, vil dei to møteborda på standen vere best eigna for korte møte. For lengre og meir konsentrerte samtalar har vi difor også reservert eit ekstra møtebord i “Partnership Pavilion”. Dette kan institusjonane som bidreg på Study in Norway-standen, booke til eigne møte. Vi kjem tilbake med meir informasjon om standvakter og booking av møtebordet når vi veit kor mange norske institusjonar og deltakarar som skal vere med.
Dersom du eller andre frå institusjonen din planlegg å delta på konferansen, set vi pris på om de sender oss ein e-post. Då får vi oversikt over dei norske deltakarane og kan sende relevant informasjon til dei som treng det.
Mottaking ved den norske ambassaden
I samarbeid med ambassaden i Ottawa ønskjer vi å arrangere ei norsk mottaking der norske deltakarar kan invitere gjester frå sine eigne nettverk. Tidspunktet for mottakinga er enno ikkje fastsett, men tentativt dato er 23. november.
Canadisk-nordisk-baltisk halvdagsseminar
I tilknyting til konferansen blir det arrangert eit canadisk-nordisk-baltisk halvdagsseminar med fokus på strategisk samarbeid innan høgare utdanning og forsking. Seminaret skal samle sentrale aktørar, institusjonsleiarar og beslutningstakarar. Dialogen skal særleg dreie seg om nordområda, klima, ny teknologi og talent- og studentmobilitet. Deltakarane får høve til å diskutere felles utfordringar og moglegheiter på tvers av regionane.
The Canada-Nordic-Baltic Higher Education Dialogue vil gå føre seg tysdag 24. november kl. 10.45–15.45 og det vil være en integrert del av det internasjonale partnerskapsprogrammet ved CBIE 2026, der deltakelse er inkludert i konferanseavgiften.