Universitetet i Innlandet er Årets Erasmusinstitusjon 2026
Publisert: 25. november 2026Universitetet får prisen for å bruke breidda i Erasmus+-programmet til å utvikle internasjonalt samarbeid, styrke kompetansen og skape moglegheiter på tvers av fag og sektorar.

– Dette er ein pris vi tek imot med stoltheit. Det er flott å sjå at strategisk og brei bruk av Erasmus+ over tid gir resultat, seier Vebjørn Horsfjord, prorektor for utdanning ved Universitetet i Innlandet (INN).
Lykkas med sterke partnarskap og gode prosjektsøknader
Universitetet har i mange år jobba strategisk og godt med Erasmus+-programmet.
Det er ein krevjande konkurranse å nå opp i, så dette er imponerande og inspirerande!
Jon Gunnar Mølstre Simonsen, avdelingsdirektør HK-dirDei har markert seg med stort gjennomslag i utlysingar innan sentraliserte tiltak og har deltatt i ti slike prosjekt i denne programperioden, til dømes kapasitetsbyggingsprosjekt, lærarakademi og Erasmus Mundus.
– Det er ein krevjande konkurranse å nå opp i, så dette er imponerande og inspirerande! Det viser også at det er mogleg for institusjonar som ikkje er blant dei største, å nå opp i konkurransen om midlane gjennom målretta arbeid med å etablere sterke partnarskap og skrive gode prosjektsøknader, seier avdelingsdirektør Jon Gunnar Mølstre Simonsen i HK-dir.
Universitetsalliansen EMERGE utviklar fleksible kurs og mikroemne
Gjennom den europeiske universitetsalliansen EMERGE samarbeider INN med åtte europeiske universitet om å styrke regionar i periferien gjennom internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid. Her bygger universitetet vidare på eit etablert og stadig sterkare arbeid med livslang læring og kompetansebehov i Innlandet.

Avdelingsdirektør i HK-dir, Jon Gunnar Mølstre Simonsen, trekker fram deltaking i Universitetsalliansen EMERGE som sentral for den strategiske bruken av Erasmus-programmet ved INN.
Saman med regionale aktørar, mellom andre Nav, Karriere Innlandet og kommunar, kartlegg universitetet kompetansebehova hos vaksne som står utanfor arbeid og utdanning.
Målet er å utvikle fleksible kurs og mikroemne i samarbeid med dei europeiske alliansepartnarane. Tilboda skal gi fleire moglegheiter til å kvalifisere seg for arbeidslivet, særleg innan helse- og omsorgssektoren.
– Universitetsalliansen EMERGE står på denne måten sentralt i den strategiske bruken av Erasmus+-programmet ved institusjonen og i arbeidet med regional kompetanseutvikling, seier Mølstre Simonsen.
Styrker globalt samarbeid
INN utmerkar seg og med eit omfattande globalt utdanningssamarbeid gjennom Erasmus+, mellom anna i GLOMIND-prosjektet, som fremmar interkulturell kompetanse i lærarutdanningane.
I ei tid med aukande spenningar i verda meiner vi det er ekstra viktig at universitet, både studentar og tilsette, bygger nettverk og alliansar på tvers av språk og kulturar.
Vebjørn Horsfjord, prorektor for utdanning ved INNI prosjektet får lærarstudentar og tilsette nye perspektiv gjennom felles undervisning og praksis i skolen, i samarbeid med University of Namibia og University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika.
– I ei tid med aukande spenningar i verda meiner vi det er ekstra viktig at universitet, både studentar og tilsette, bygger nettverk og alliansar på tvers av språk og kulturar. Erasmus+ gjer det mogleg med eit mangfaldig engasjement i heile institusjonen vår og styrker posisjonen vår som både internasjonal og regional aktør, seier Vebjørn Horsfjord, prorektor for utdanning.
Prisen vart delt ut for 12. gong under Erasmusseminaret for høgare utdanning 2026 i Bergen. Prisen er på 10 000 kroner.
