Over 11 000 personar tok norskprøven i mai
Publisert: 9. juli 2026Totalt tok 11 107 personar minst éin delprøve i norsk i mai. For mange er prøven ein døropnar til jobb, studium og varig opphald i Noreg.

Illustrasjonsfoto. Prøvene blir gjennomførte på prøvestader over heile landet.
Foto: Colourbox.Mai er den største gjennomføringa av norskprøven i løpet av året. I alt tok 11 107 personar minst éin av dei fire delprøvene. Den munnlege delprøven var mest etterspurd, og 9 311 personar tok den munnlege prøven.

– Norskprøven er ein viktig milepæl for mange, seier Sissel Mehammer.
Foto: HK-dir– Norskprøven er ein viktig milepæl for mange. Mange brukar resultata når dei skal søkje studieplass, jobb, opphaldsløyve eller statsborgarskap, seier avdelingsdirektør for norskprøver i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sissel Mehammer.
Om lag seks av ti som tok prøven, var kvinner.
Måler fleire språknivå
Norskprøven måler ferdigheiter i lesing, lytting, skriving og munnleg kommunikasjon.
Resultata blir gitt på nivå frå A1 (nybyrjar) til B2 (avansert).
– Resultata kjem i god tid før studiestart til hausten og eventuelle jobbskifte etter sommaren, seier Mehammer.
Prøvene blir haldne over heile landet
Prøvene blir gjennomførte på prøvestader over heile landet. Kommunane kan arrangere prøven opptil fire gonger i året.
Sjå resultat frå ulike fylke
Fylke | Tal på kandidatar |
|---|---|
Agder | 573 |
Akershus | 1693 |
Buskerud | 495 |
Finnmark | 174 |
Innlandet | 559 |
Møre og Romsdal | 504 |
Nordland | 399 |
Oslo | 2195 |
Rogaland | 1110 |
Telemark | 303 |
Troms | 326 |
Trøndelag | 688 |
Vestfold | 475 |
Vestland | 1142 |
Østfold | 471 |
Noreg | 11107 |
Fakta om prøven i mai 2026
- 11 107 kandidatar gjennomførte minst éin delprøve.
- Tal på kandidatar per delprøve (ein kandidat kan ha teke fleire prøver):
- Munnleg prøve: 9 311
- Skriveprøve: 6 545
- Leseprøve: 6 096
- Lytteprøve: 5 900
- Blant kandidatane der kjønn er registrert, var 61,3 prosent kvinner og 38,7 prosent menn.
Les om dei ulike nivåa
A1: Du kan forstå og bruke kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og hjelper deg.
A2: Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lese og forstå korte, enkle tekstar knytte til arbeidet ditt. Du kan skrive korte, enkle meldingar og fortelje om opplevingar og hendingar med enkle frasar og setningar.
B1: Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klare deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skrive enkle tekstar om kjende emne og kort forklare og grunngi meiningar og planar.
B2: Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, også faglege drøftingar innanfor ditt eige fagområde. Du kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skrive klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.