Hopp til hovudinnhald

Kommunikasjonsbransjen dobla tidsbruken på kurs under pandemien

Publisert: 11. juni 2024

Næringane som klarte seg bra under pandemien, gjennomførte i stor grad opplæring i verksemdene sine. Mens kommunikasjonsbransjen nær dobla tid på kurs i 2020, så var det mange andre næringar som stramma inn på kursing.

En gruppe ansatte som ser på en som presenterer

Foto: Colourbox

Vi har sett på kor mye tid og pengar dei ulike næringane brukte på opplæring og kurs blant tilsette under koronapandemien. 2 283 norske føretak har delteke i undersøkinga som var gjennomført i 2021. Undersøkinga vart gjennomført av SSB.

Omsetning og opplæring går hand i hand

Undersøkinga viser at mange føretak gjennomførte færre kurs under pandemien samanlikna med i 2015. Vi ser likevel at dei næringane som klarte seg bra under pandemien i stor grad har gjennomført opplæring i verksemdene sine, seier Åsgeir Kjetland Rabben, rådgjevar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Bilete av Åsgeir Rabben

Åsgeir Rabben har sett på kor mykje tid og pengar dei ulike næringane brukte på opplæring og kurs blant tilsette under koronapandemien

Foto: HK-dir/Miriam Eid

Til dømes har informasjons- og kommunikasjonsnæringa nær dobla tidsbruken på kurs frå ni timar per tilsett i 2015 til 17 timar i 2020.

– Dette er ei av dei næringane som har hatt størst auke i omsetning mellom 2015 og 2020, seier Rabben.

Denne næringa hadde også størst auke i utgifter til kurs. Næringa brukte omkring9 000 kroner per tilsett på kurs i 2020, ein auke på 20 prosent. Næringa investerte primært i auka IT-kompetanse

– Det er likevel nokre unntak. Nokre bedrifter som har gjort det bra økonomisk svarar at dei ikkje har fått gjennomført opplæringsaktivitetar grunna høg arbeidsbelastning og koronarestriksjonar, seier Rabben.

Servicebransjen hardt råka

– På den andre sida stod overnattings- og serveringsbransjen, som opplevde den største nedgangen i kursaktivitet under pandemien. Denne næringa gjekk frå å bruke ni timar per tilsett på kurs i 2015 til berre tre timar i 2020.

Denne næringa brukte i snitt om kring 1 400 kroner per fulltidstilsett på kurs i 2020, med hovudfokus på opplæring i kundebehandling.

Figur som viser kor mange timar 10 ulike næringar har brukt på opplæring i føretak

Timar brukt på kurs per 1000 arbeidstimar i føretak i ulike næringar. 2015 og 2020. Tal på timar.

– Overnattings- og serveringsnæringa vart særleg hardt råka økonomisk under pandemien, der mange tilsette ble permittert eller sagt opp, seier Rabben.

Størst nedgang i små føretak

– Nedgangen i opplæringsaktivitet i 2020 ser ut til å ha råka skeivt også når det gjeld storleik på føretaket. Små føretak rapporterer om større nedgang enn store føretak, seier Rabben.

– Om dette har økonomiske årsaker eller andre årsaker kan vi ikkje utan vidare seia. Noko ein ser, er at store føretak i større grad enn små har eit eige budsjett for opplæringsaktivitetar.

Neste undersøking er planlagt i 2026, og vil ta for seg opplæring som har føregått i 2025.

– Noko av det vi kan få svar på då, er om skilnadene mellom næringar og storleikar då har blitt mindre igjen, eller om det har etablert seg eit meir permanent mønster der visse næringar og store føretak gjennomgåande har langt meir opplæring av dei tilsette enn andre, seier Rabben.