Hopp til hovudinnhald

Her er resultata frå statsborgarprøva 2025 - sjå tal for fylker og kommunar

Publisert: 20. mars 2026

Resultata for heile landet viser at 92,4 prosent av kandidatane bestod statsborgarprøva i 2025.

Mann står i korridor i kontorlokale og smiler mot kamera
Foto: Daniela Paez / Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

I løpet av fjoråret var det totalt 5973 personar på landsbasis som tok statsborgarprøva. Enkelte tok prøva meir enn éin gang, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom. 

– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode. Dette er ein positiv trend som viser at dei som tek prøva har opparbeidd seg kunnskap om det norske samfunnet, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir. 

Digital kunnskapsprøve

Frå 1. januar 2017 har det blitt stilt krav om at alle som søkjer om norsk statsborgarskap og er mellom 18 og 67 år må bestå statsborgarprøva. Det er HK-dir som utviklar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Stortinget har bestemt at statsborgarprøva er ei prøve i samfunnskunnskap som skal måle kjennskap til grunnleggjande historiske, sosiale, økonomiske og politiske forhold i Noreg, og kjennskap til grunnleggjande plikter og rettigheiter. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane. 

Statsborgarprøva er ei digital prøve som består av 32 poenggjevande oppgåver, der deltakarane må svare riktig på minst 24 av desse for å bestå. Kandidatane får 60 minutt til å gjennomføre prøva.

Statsborgarprøva finnast på både bokmål og nynorsk. 1,3 prosent av kandidatane tok prøva på nynorsk i 2025. Kandidatane kan også høyre oppgåvene bli lest opp ved hjelp av lydfiler.  

Mogleg å få tilrettelagt prøve

Det er mogleg å få tilrettelagt statsborgarprøve. Tilrettelegging kan blant anna innebere ekstra tid og å sitte på et eige rom. I særskilte høve er det også mogleg å ta prøva munnleg.

– Syns- og høyrselshemming, dysleksi eller traumeproblematikk er døme på forhold som kan gi rett til tilrettelegging. Målet er at fleire skal få ei moglegheit til å gjennomføre prøva, seier Skule.

Mann baker pizza i sin egen pizzarestaurant.

Mousa Alibrahim kom til Noreg som flyktning frå Syria i 2017, saman med kona og barna sine. No har han vorte norsk statsborgar og gler seg kvar dag til å kunna jobba i sin eigen restaurant.

Foto: Privat

Ein av dei som gjennomførte statsborgarprøva med tilrettelegging i fjor, er Mousa Alibrahim. Han kom til Noreg som flyktning frå Syria i 2017 saman med kona og barna sine. For Alibrahim var det viktig å bli norsk statsborgar.

– Situasjonen i Syria er framleis vanskeleg. Eg har budd i Noreg i snart ti år, og heile livet mitt er her no. Barna mine går på skule, og eg driv min eigen restaurant i nærmiljøet. Det har vore ein draum for familien min å få tryggleik i Noreg, seier han.

I 2024 søkte Alibrahim om norsk statsborgarskap. På grunn av lite skulegang i heimlandet og helseutfordringar fekk han moglegheit til å ta statsborgarprøva munnleg.

– Å førebu seg til prøva var ein fin måte å lære om det norske samfunnet. Eg bestod på tredje forsøk. Det er viktig at folk får vite at det er mogleg å klare prøva, sjølv om ein ikkje har så mykje skulegang frå før. Livet kjennes tryggare no, seier Alibrahim.

Meir informasjon

Helena Sæter

Senior kommunikasjonsrådgjevar

E-post:helena.sater@hkdir.no

Telefonnummer:934 33 302