Hopp til hovudinnhald

– Eit førebilete for andre institusjonar

Publisert: 26. november 2025

Høgskulen i Volda er tildelt prisen som Årets Erasmusinstitusjon 2025 for det langsiktige og systematiske arbeidet sitt med Erasmus+-programmet.

To kvinner og en mann på en scene.

Prisvinnarane frå venstre: Rådgivar for utreisande studentmobilitet, Kari Strømme, studiedirektør Jan Terje Eidset og rådgivar ved internasjonalt kontor, Iulia Beleuta.

– Høgskulen i Volda er eit førebilete for andre institusjonar. Dei kombinerer høge ambisjonar med konkrete resultat og bidreg til eit levande internasjonalt miljø, seier divisjonsdirektør Ragnhild Tungesvik i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Stabilt høge mobilitetstall

Høgskulen har hatt stabilt høge mobilitetstal og har etablert nye samarbeid med partnarar mellom anna i Ukraina og Ghana.

Gjennom Erasmus+-prosjekt har dei også bidrege til viktige tema som fråfallsførebygging, auka IKT-kompetanse og omstillingsevne i arbeidslivet.

– Resultat av fleire tiår med arbeid

– Vi er veldig stolte og glade for å få denne prisen. Vi er ein liten institusjon som ligg langt frå dei større bysentera. Av den grunn har vi kanskje jobba ekstra hardt for å få til internasjonal aktivitet og utveksling. Mobiliteten vi ser ved høgskulen i dag er resultatet av fleire tiår med arbeid, seier studiedirektør Jan Terje Eidset.

Ein heim borte frå heimen

I grunngjevinga si trekker juryen fram høgskulen sitt arbeid med å skape eit inkluderande miljø både for utreisande og innreisande studentar, og har etablert system for tett og personleg oppfølging.

Ein viktig del av dette arbeidet er høgskulen si satsing på Pangaia, "ein heim borte frå heimen" og eit internasjonalt samlingspunkt på campus, som tilbyr rettleiing, aktivitetar og sosialt samvær.

– Dette er den internasjonale møteplassen på campus, der både internasjonale og norske studentar kan treffast gjennom ulike aktivitetar og andre sosiale hendingar i løpet av året. Gjennom Pangaia har vi eigne studentmedarbeidarar som følger opp dei internasjonale studentane, frå dei kjem på flyplassen og til dei skal reise igjen etter endt opphald, og er slik ein sentral del av høgskulen sitt apparat for å ta vare på studentane, seier Eidset.

Delt ut for 11. gong

Prisen vart delt ut for 11. gong under Erasmusseminaret for høgare utdanning 2025 i Bergen. Prisen er på 10.000 kroner som skal komme studentane til gode.