Opptakstala for 2024 er klare
Publisert: 25. juli 2024Ved årets opptak har nesten 110 000 søkjarar fått tilbod om studieplass. Og av desse har nesten 67 000 komme inn på førstevalet sitt, noko som er rekordhøgt.

Kvart år blir det gjennomført eit samordna opptak til universitet og høgskular. I år har rundt 110 000 av dei i overkant av 140 000 søkjarane fått tilbod om ein studieplass.
– Det er veldig gledeleg å sjå at så mange søkjarar no får høvet til å starte på eit studium. Som samfunn står vi overfor store utfordringar, som dei som no byrjar å studere skal bidra til å løyse. Behovet for kunnskap og kompetanse vil ikkje bli mindre framover, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Faktaboks: Nøkkeltal
- Ved hovudopptaket er det registrert 140 957 søkarar. Det er ein auke på 4,6 prosent samanlikna med fjoråret.
- 126 250 av søkarane var kvalifisert til minst eitt av studieønska sine.
- 109 498 søkarar har fått tilbod om studieplass til universitet og høgskuler i 2024. Dette er ein oppgang på 4,7 prosent frå 2023.
- Blant dei som har fått tilbod om studieplass i år, har 66 923 kome inn på førstevalet sitt.
- 16 752 kvalifiserte søkarar sto utan tilbod om studieplass etter hovudopptaket.
- 39 prosent (42 711) av søkarar med tilbod i opptaket i år er menn, og 61 prosent (66 787) er kvinner.
- Økonomisk-administrative fag er utdanningsområdet med klart flest søkarar med motteke tilbod i 2024 (21 672), tett følgt av helsefag (20 187).
- Samanlikna med i fjor, er det størst prosentvis auke studieplassar innan informasjonsteknologi, medan det er reiselivsstudiane som har størst nedgang.
- Av dei 20 enkeltstudiane med høgast poenggrense i ordinær kvote, er det berre fotojournalistikk ved OsloMet som har høgare poenggrense i år samanlikna med i fjor.
- Medisinstudiane ved UiO og NTNU har dei høgaste poenggrensene i ordinær kvote.
Fakta
Samordna opptak koordinerer opptaket til 27 universitet og høgskular.
1. januar 2022 vart Samordna opptak ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Noreg, Universell og delar av Unit, NSD og NOKUT.