Rapport
Rapport
16.06.2022

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022

Rapporten tek for seg sektoren frå ulike perspektiv, og analyserer utviklinga i studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi.

Utgiver: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

    - Vi står i ei tid med store endringar i utdannings- og kompetansepolitikken, som følgje av både politiske satsingar og samfunnsmessige endringar. Endringar som vi prøver å beskrive og forklare i tilstandsrapporten, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Velkommen til Kvalitetstid

    Lanseringa av den årlege tilstandsrapporten skjer i nettmøtet Kvalitetstid, torsdag 16. juni klokka 10.00 – 11.00. Her presenterer vi utvalde tal frå rapporten, og inviterer representantar frå fagskulesektoren til ein panelsamtale.  

    For meir informasjon og lekkje for nettmøtet, gå til  – Kvalitetstid: Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022.

    Sterk vekst og strukturelle endringar

    Rapporten teiknar eit bilete av ein sektor i vekst, og i endring for å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.  

    I 2021 tel vi 28 241 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning, ei auke på 4 962 studentar frå 2020. Talet på studentar aukar i dei fleste fagområda, men størst vekst finn vi i økonomi- og administrasjonsfaga. Vi ser òg ein framvekst av kortare studietilbod. I rapporten kan du lese at dette heng saman med både etterspørsel frå arbeidslivet, men òg strukturelle endringar.  

    Utdanningstilboda er i aukande grad fleksible og tilpassa arbeidstakaren; i 2021 følgde 70 prosent av studentmassen utdanninga på deltid, medan om lag 57 prosent av studentane følgde undervisninga på nett, med eller utan fysiske samlingar. Dette tyder at studentane ofte er i arbeid parallelt med studiane.

    Rapporten viser òg endringar i institusjonsbiletet, med fusjonar, oppkjøp og nokre nyetableringar. Samstundes held talet på studiestader seg stabilt, noko som sikrar lokal og regional forankring.  

    Men veks sektoren med kvalitet? Rapporten viser at fullføringsgraden held seg stabil frå tidlegare år, medan talet på uteksaminerte studentar har auka med om lag 31 prosent frå 2020 og 62 prosent frå 2019. I 2021 blei 10 897 studentar uteksaminert. Av desse tok 15 prosent eksamen ved kortare studietilbod.  

    Store moglegheiter i nyetablering

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) blei oppretta 1. juli 2021, og samlar oppgåver knytt til mellom anna forvaltning og drift av høgare yrkesfagleg utdanning, diverse kompetansepolitiske verkemidlar, Samordna opptak, og Database for statistikk i høgare utdanning – Fagskulestatistikk (DBH-F).  

    Denne nyetableringa gir store moglegheiter, og eit stort ansvar, for det nye direktoratet til å samordne rapporteringar og datagrunnlag for fagskulesektoren.

    - Styrking av datakvalitet er ei oppgåve vi aldri blir ferdig med, men med dei organisatoriske endringane vi no har gjennomført står vi betre rusta til å handtere dei store endringane vi ser, seier Sveinung Skule.

    Fakta om tilstandsrapporten

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse utviklar Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

    Det er eit mål at tilstandsrapporten skal vere eit viktig grunnlag for styring av sektoren, for forvaltningsorgana og ikkje minst for sektoren sjølv. 

    Samandrag av rapporten

    Tilstandsrapporten tek for seg høgare yrkesfagleg utdanning i 2021 frå ulike perspektiv. Kapittel 3 handlar om studentane i høgare yrkesfagleg utdanning. Vi ser at studenttalet fortset å vekse i 2021, og at auken i studenttalet speglar seg i alle fagområde, med unntak av samferdsel. Størst vekst finn vi i økonomi- og administrasjonsfag. Elles er mykje av auken i studenttalet knytt til korte studietilbod under 30 studiepoeng, særskilt i tekniske utdanningar.

    Videre ser vi at studentane har ein profil vi kjenner att frå år til år. Over halvparten av studentane er mellom 30 og 50 år, og 70 prosent av studentmassen tok utdanninga på deltid i 2021. Dette betyr at dei i stor grad er i arbeid parallelt med studiane. Om lag 57 prosent av studentane følgde undervisninga på nett, med eller utan fysiske samlingar. Samla sett er kjønnsfordelinga blant studentar i høgare yrkesfagleg utdanning ganske jamn. Samstundes er det framleis store kjønnsskilnader, særleg innan helse- og velferdsfag og tekniske fag. 

    Medan vi tidlegare har snakka om tekniske fag og helse- og velferdsfag som «dei to store fagområda» i høgare yrkesfagleg utdanning, må vi etter kvart snakke om «dei tre store fagområda»; teknisk, helse- og velferd, og økonomi- og administrasjon. Det er desse tre fagområda som no trekker flest studentar til høgare yrkesfagleg utdanning.

    I 2021 blei 10 897 studentar uteksaminerte. Dette er ei auke på om lag 31 prosent frå 2020 og 62 prosent frå 2019. Fullføringa ligg jamt på kring 65 prosent, bortsett frå siste året som alltid vil ligge noko lågare på grunn av rapporteringa og berekninga av normert tid. For 2021 er fullføringa derfor på 63 prosent no, men det er naturleg at dette talet aukar etter rapporteringa i august 2022.

    Vi ser òg at stadig fleire studentar som tidlegare er registrert ved ein UH- institusjon vel høgare yrkesfagleg utdanning, medan talet på fagskulekandidatar som går vidare til eit universitet/høgskule ligg nokolunde stabilt.

    I kapittel 4 ser vi på fagskulane og utdanningstilboda. Hausten 2021 tel vi 61 fagskular og 160 studiestader. Dette er nokre færre fagskular enn året før, men talet på studiestader held seg stabilt. Blant dei offentlege fagskulane heng utviklinga tett saman med fylkessamanslåingar som fører til samanslåing av fagskular, medan i privat sektor ser vi fusjonar og oppkjøp, men òg nyetableringar.

    Vi ser ein tendens til at mykje av veksten i studietilboda det siste året kjem innan samlingsbaserte og nettbaserte utdanningar. Det var totalt 1 520 studie- og utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning i 2021. Flest tilbod finn vi innan fagområdet helse og velferd, tett etterfølgt av tekniske fag. 

    Kapittel 5 viser finansieringa og styringa av høgare yrkesfagleg utdanning. Det er i hovudsak tre store kjelder for finansiering: statleg driftstilskot, studentbetaling, og konkurransebaserte prosjektmidlar. Av desse er dei statlege tilskota til drift den største kategorien med 44 prosent. Samla sett disponerte sektoren 2,23 milliardar kronar i 2021, ein auke på 328,6 millionar kronar frå året før.