Hopp til hovudinnhald

Reknetesten

E-læring

Dette er ein kort reknetest som seier noko om kor god du er til å rekne.

Utviklet av: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Har du rekneferdigheitene du treng i kvardagen din? Vi har bruk for å kunne rekne i mange samanhengar, til dømes på jobb, kurs og utdanning eller når vi hjelper barn med leksene.

Reknetesten gjev deg ein peikepinn om nivået ditt i rekning. Testen består av 30 oppgåver på ulike område og nivå. I oppgåvene skal du anten velje rett svar eller dra eit handtak til det rette talet.

Vi tilrår at du meistrar norsk på eit nivå over B1-nivået i det felles europeiske rammeverket for språk. På dette nivået kan du lese tekstar der språket i stor grad er prega av vanlege, daglegdagse ord og uttrykk.

Hjelpemiddel

I nokre av oppgåvene vil du ha ein kalkulator tilgjengeleg. Vi tilrår at du berre bruker kalkulator til desse oppgåvene. Elles rår vi deg til å bruke penn og papir til å notere eller få betre oversikt over enkle utrekningar.

Reknetesten på mobil

Det er mogleg å ta Reknetesten på mobil eller andre einingar, men om du har ein liten skjerm vil det vere eit problem i nokre av oppgåvene. Dersom du har ein liten skjerm, tilrår vi at du bruker ein separat kalkulator for å unngå at kalkulatoren som ligg i Reknetesten dekkjer heile skjermen.

Om resultatet

Når du har teke testen, kan du skrive ut, lagre eller sende resultatet. Fleire ulike faktorar kan påverke resultatet ditt, til dømes stress, konsentrasjonsevne, mistydingar eller andre distraksjonar.

På resultatsida finn du informasjon om øvingsoppgåver og moglegheiter/rettar til opplæring, saman med kontaktinformasjon