For deg som har pågåande småskalapartnarskap tildelt i 2024
Annan viktig informasjon som gjeld heile prosjekttida
Her har vi samla viktig informasjon og lenker som er nyttige gjennom heile prosjekttida.
Synleggjer finansiering frå Erasmus+
All kommunikasjon og alt materiale i prosjektet skal merkast med EU-flagget og informasjon om at prosjektet vert finansiert med midlar frå EU, som beskrive i kontrakten.
Logo og informasjon om visuell identitet finn de på EU-kommisjonen si nettside.
Ansvarsfråskriving - Disclaimer
Utanom EU-flagget og informasjon om at prosjektet er finansiert av EU-kommisjonen, må det gå fram at det som vert uttrykt er synspunktet til opphavsmannen/prosjektet, og at EU-kommisjonen ikkje har ansvar for eventuell bruk av det publiserte materialet eller informasjonen om dette.
Alt materiale som er relatert til prosjektet og som vert publisert og kommunisert (også digitalt) i samsvar med kontrakten, må derfor merkast med ei ansvarsfråskriving (disclaimer).
Valutakurs og konto
- Alle utbetalingar av midlar vert gjort i euro. I partnarskapet kan det vere lurt at ein diskuterer konvertering og valutatap for å verte einige om korleis ein handterer dette.
- Kostnader skal rapporterast i euro i Beneficiary Module
- Ved konvertering av kostnader som er betalt i ein annan valuta enn euro, tilrår vi at de brukar valutakursen på den dagen de fekk pengar frå HK-dir. Dette vil bidra til å fordele risiko ved valutasvingingar.
- Ved valutasvingingar vil dette fordele risikoen blant prosjektpartnarane.
- Ved endring av kontonummer etter kontraktsignering, må nytt kontonummer sendast inn via Financial Identification form . Last ned og fyll ut skjemaet før du sender det inn til HK-dir.
ID for dykkar organisasjon – OID
I EU-kommisjonen sin database Organisation Registration System handterer de organisasjons-ID, Organisation ID (OID), og informasjonen om organisasjonen dykkar.
Alle utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, vert relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere institusjonen din i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations».
Dersom de allereie har eit PIC-nummer, har informasjonen om organisasjonen blitt overført til den nye databasen automatisk. Organisasjonen dykkar får då også automatisk tildelt ein OID-kode. Søk på organisasjonsnamn (search organisation) eller PIC (advanced search) i databasen.
Sjekk informasjonen om organisasjonen deira og OID: Databasen Organisation registration - kontrollere oppgaver og OID
Meir informasjon om korleis de registrerer eller oppdaterer: OID, Organisation Registration system og EU Login
Kontakt oss
De er velkomne til å kontakte oss for å stille spørsmål eller få rettleiing gjennom heile prosjektperioden ved å sende ein e-post til erasmuspluss@hkdir.no
Vi svarar på spørsmåla dykkar så raskt som mogleg. Oppgi alltid prosjektnummeret dykkar når de tar kontakt med oss. Døme på prosjektnummer er: 2024-1-NO01-KA210-ADU-000776519.
Kontakt oss alltid så fort som mogleg om noko uføresett skjer som påverkar moglegheita dykkar til å gjennomføre prosjektet. På den måten kan vi raskt vurdere hendinga og minimere risikoen for at prosjektet vert påverka negativt.